Avspele videoopptak i straffesak

22.05.2003, 2002/1598, straffesak, anke
Straffeprosessloven §§ 330 og 340 andre punktum
Den offentlige påtalemakta (statsadvokat Inger Wiig) mot A (advokat Harald Stabel) og B (advokat John Christian Elden)
Mitsem, Stabel, Coward, Rieber-Mohn og Aasland

I sak avgjort ved Høgsteretts dom av 6. juni 2003, kravde påtalemakta at ein under ankeforhandlinga skulle avspele eit videoopptak av lekamskrenkingane som eit overvakingskamera hadde gjort. Forsvararen for den eine av dei dømde - "hovudmannen" - motsette seg dette. Det blei særleg gjort gjeldande at visning av videoen kunne ha ein forsterkande effekt og føre til ei strengare straffutmåling.

Spørsmålet blei avgjort innleiingsvis under ankeforhandlinga 22. mai 2003, og Høgsterett vedtok å tillate visninga. Det blei vist til at Høgsterett har full kompetanse med omsyn til bevisføringa i ein straffutmålingsanke, men at bevisføringa som hovudregel er omveges. I dette tilfellet var det spørsmål om omveges bevisføring ved avspeling av eit videoopptak, noko som blei rekna å falle inn under straffeprosessloven § 340 andre punktum (gransking). Kva for bevisføring som skal tillatas, var da opp til rettens skjønn, jf. straffeprosessloven § 330. Partane var samde om at lagmannsretten hadde gitt ei dekkjande skildring av valdsutøvinga. Det var heller ikkje vist til videoen på ein slik måte at opptaket kunne oppfattas som ein del av domsgrunnane. På den andre sida såg ikkje Høgsterett nokre avgjerande innvendingar ved å tillate avspeling av eit videoopptak som bidreg til å klarleggje ein hendingsgang. Det blei vist til at Høgsterett også tidlegare har tillate avspeling av videoopptak i samband med straffutmålingsanker, jf. Rt. 2001 side 1674.
Til toppen