Avspeling av lydopptak som prov i straffesak

29.10.2003, 2003/882, straffesak, anke
straffeprosesslova § 300
A (advokat Erling O. Lyngtveit) mot Den offentlege påtalemakta
Gjølstad, Gussgard, Støle, Coward, Schei

Spørsmålet i saka var om det var gjort saksbehandlingsfeil da lagmannsretten under behandling av skyldspørsmålet i ei straffesak tillet avspela eit lydopptak av ei forklaring som eit vitne hadde gitt i tingretten. Den dømde gjorde gjeldande at forklaringa til vitnet var det hovudsaklege provet mot han, og at lagmannsretten skulle ha syta for å få avhøyrt vitnet direkte for den dømmande retten.

Høgsterett uttala at straffeprosessloven § 300 om bruk av lydopptak må sjås i samanheng med dei alminnelege reglane loven har om provføring. Med sikte på den situasjonen som låg føre i saka - at eit vitne ikkje hadde møtt og forklart seg munnleg for lagmannsretten - må føresegna nyttas i lys av det alminnelege kravet til forsvarleg saksbehandling, der samsvar står sentralt. Men ved vurderinga vil det vere eit moment at det dreier seg om eit lydopptak som gir eit anna og betre bilde av det som har skjedd, enn ein vanleg protokollasjon. Ved vurderinga av saksbehandlinga i den aktuelle saka blei det lagt vekt på at det dreidde seg om eit særs alvorleg tilhøve og eit heilt sentralt vitne, som ein måtte kunne finne og føre, sjølv om det kunne skape problem for avviklinga av saka. At kravet til kontradiksjon var ivareteke i tingretten, blei ikkje sett på som avgjerande. Ankebehandlinga som omfattar provføring under skyldspørsmålet, skal vere ei fullstendig ny prøving av skyldspørsmålet. Høgsterett konkluderte med at det var begått saksbehandlingsfeil da lagmannsretten tillet lydopptaket avspela i denne saka, og Høgsterett oppheva dommen i lagmannsretten med hovudforhandling.
Til toppen