Barnepornografi - straffutmåling

28.01.2003, 2002/1353, straffesak, anke
Straffeloven § 211
Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Eirik Stolt-Nielsen) mot A (advokat Berit Reiss-Andersen)
Stabel, Rieber-Mohn, Gussgard, Stang Lund og Aasland

A var i forhøyrsretten dømd til fengsel i 120 dagar utan vilkår for innehaving av 1 774 bilde med kjønnslege skildringar av barn under 16 år, og vidareformidling av 62 av bilda. Lagmannsretten gjorde heile straffa på vilkår, og la særleg vekt på at bilda var sende tilbake til same internettgruppe som de var lasta ned frå, og at det dermed ikkje låg føre noka reell spreiing.

Saka blei avgjort etter § 211 slik den lydde før lovendringa 11. august 2000 nr. 76. Høgsterett tok ved vurderinga utgangspunkt i ordskurden 9. oktober 2002 i ankesak 2001/1545, som galdt innehaving av ca. 7 000 bilde og 191 videosnuttar. Grovleiken av materialet var omtrent lik i dei to sakene. Sjølv om det i saka frå 2002 dreidde seg om fleire bilde, var den viktigaste skilnaden på sakene at det i 2002-saka ikkje dreidde seg om vidare spreiing. Retur av bilde til nyheitsgrupper tyder at bilda får ny adresse og dato, og det dreier seg derfor om spreiing. A hadde dessutan bede om meir av det same, og hadde dessutan ifølgje eiga forklaring eigentleg tenkt å sende bilda til ei anna gruppe. Forholdet hans måtte derfor vurderas noko strengare enn i 2002-sak, der straffa under dissens blei oppretthalde med fengsel i 7 månader, og av dei blei 5 gjort på vilkår. Tilståinga, som kom etter at materialet var beslaglagt på PCen hans, og As personlege forhold for øvrig, blei heller ikkje i denne saka gitt særleg vekt. Derimot måtte det komme han til gode at det var gått ca. tre år frå forholdet blei avdekt, av dei var 8 månader rein stillstand. Straffa blei etter dette sett til fengsel i 8 månader, og av dei blei 5 gjort på vilkår.
Til toppen