Brot på besøksforbod - vaksen mann/ung jente

11.03.2003, 2002/1447, straffesak, anke
Straffeprosesslova § 222a, straffelova §390a
A (advokat Morten Kjensli) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Ole Bjarne Hagen)
Matningsdal, Zimmer, Stabel, Tjomsland og Dolva

A, født i 1961, var i lagmannsretten dømd til fengsel i 90 dagar, av dei 60 dagar på vilkår for fire tilfelle av brot på besøksforbod etter straffeprosessloven § 222a overfor ei jente født i 1986. Brota fann stad i 2001. Straffa var ei fellesstraff med ein dom på 45 dagar fengsel, av dei 30 dagar på vilkår. Denne dommen omfatta brot på straffeloven § 390 a frå sommaren 1999 til juni 2000, samt tre andre brot på det same besøksforbodet.

Kort tid etter siste brot blei A i september 2001 varetektsfengsla i 16 dagar. Ved avslutninga av dette varetektsopphaldet blei det lagt ned forbod mot at han oppheldt seg i eit større område rundt bustaden til den krenkte i X sentrum. I tillegg blei det lagt ned forbod mot opphald i to andre område på X i dei tidsromma den krenkte utførte skole- og fritidsaktivitetane sine der. Det samla området utgjer ca. 1.200 daa. Det låg ingen opplysningar føre om at A hadde brote det siste forbodet som galdt fram til 3. februar 2003. Sjølv om Høgsterett ikkje hadde noko å nemne til straffutmålinga til lagmanssretten da dommen blei sagt, fann Høgsterett å kunne slutte seg til påstanden til den dømde og aktor om at den delen av fengselsstraffa som var utan vilkår, skulle setjas til 16 dagar som blei sett på som uthalden ved varetekt. I likskap med lagmannsretten fann Høgsterett at det som særskilt vilkår for den delen av dommen som var på vilkår, måtte fastsetjas eit vilkår med same innhald som det besøksforbodet A hadde vore pålagt fram til 3. februar 2003. Vilkåret blei tidsavgrensa til 1. september 2003 da den krenkte skal begynne skolegang i USA.
Til toppen