Det loven krev om innkalling til generalforsamling

29.10.2003, 2003/84, sivil sak, anke
Aksjeloven av 4. juni 1976 § 12-8
X Reisebureau AS (advokat Knud Jacob Knudsen) mot A (advokat Bjørn Kvernberg)
Gussgard, Støle, Coward, Gjølstad, Schei

Saka galdt krav mot aksjonær i medhald av den tidlegare aksjeloven § 12-8 om tilbakebetaling av utdelt utbytte etter vedtak på ordinær generalforsamling. Grunnlaget var at dei reglane loven har om innkalling til generalforsamling, ikke var følgde.

A hadde i 1987 kjøpt selskapet X Reisebureau AS Stavanger, og ho oppretta eit eigarselskap, Y AS, som tok over alle aksjane. I 1995 gjekk X Reisebureau AS i Oslo (X) inn med kapital i Y mot å få 49 % av aksjane. Avtalen gav X ein opsjon på å kjøpe As aksjar i Y, som kunne gjeras gjeldande i tida 10. januar - 30. mars 1998. Kort etter at avtalen var gjort, sende A eit notat til X med ein del punkt som ho meinte partane var blitt einige om, mellom anna at det skulle utbetalas maksimalt utbytte frå Y kvart år. Ho bad om tilbakemelding dersom X var ueinig, men fekk ikkje det. X gjorde opsjonen gjeldande 30. januar 1998. A hadde i samband med tidlegare drøftingar om gjennomføringa, kravd maksimalt utbytte for 1997. Partane i saka var einige om at overtakingstidspunktet for aksjane blei skote fram til 20. februar 1998 for at det skulle kunne haldas ordinær generalforsamling i Y. Den blei halden 18. februar 1998, og utbytte blei vedteke utdelt med ca. 1 million. kroner. Det blei gjort vesentlege feil i samband med innkallinga til generalforsamlinga. Mellom anna låg det ikkje føre styrevedtak for innkalling, og årsoppgjeret og revisjonsmeldinga blei ikkje oversendt X, jf. §§ 9-8 og 9-9. I § 12-8 var det fastsett at ein aksjeeigar skulle betale tilbake det han hadde motteke, dersom utbetalinga var skjedd i strid med føresegnene i loven. Høgsterett fann at dette også galdt ved saksbehandlingsfeil, men at det ved slike feil måtte innfortolkas eit kausalitetskrav. Når det galdt tilsidesetjing av reglar som var vesentlege for at aksjonærar skulle kunne ivareta interessene sine på generalforsamlingar, måtte det oppstillas ein sterk presumsjon for at feilen hadde hatt noko å seie for utbetalinga. At A hadde hatt aksjemajoriteten, blei ikkje sett på som tilstrekkeleg til at kausalitetskravet kunne reknas som oppfylt i denne saka. Vurdert etter § 12-8 skulle utbyttet dermed kunne krevjas tilbake. Når ei tok omsyn til dei spesielle forholda i saka, kom Høgsterett likevel til at tilbakeføring ikkje kunne krevjas. Det blei lagt vekt på føresetnadene til A om maksimalt utbytte, og at X måtte ha vore klar over at ho ville syte for å sikre seg dette, at representanten til X i styret i Y hadde underteikna styrevedtak om maksimalt utbytte, og at X kunne klandras for ikkje å ha kravd tilbakebetaling tidlegare. Krav blei først sett fram 2. september 1998.
Til toppen