Førerett til stilling etter aml. § 67

10.12.2003, 2003/834, sivil sak, anke
Arbeidsmiljøloven § 67
A (advokat Arve Hallber) mot --- Forskningsinstitutt AS (advokat Nicolay Skarning)
Coward, Oftedal Broch, Støle, Gjølstad og Dolva

A, fødd i 1945, var sagt opp frå stillinga som senior forskingsingeniør hos --- AS på grunn av driftsinnskrenking. Han kravde så førerett til bl.a. ei stil-ling der det var tilsett ein ung sivilingeniør, B. Tingretten gav han medhald i dette, mens lagmannsretten meinte at personlege eigenskapar gjorde at han ikke oppfylte kravet i aml. § 67 om å vere "skikket" for stillinga.

Høgsterett stadfesta dommen til lagmannsretten, under dissens 3-2. Fleirtalet avgjorde saka ut frå det som --- prinsipalt gjorde gjeldande - at stillinga til B var ei opplæringsstilling, knytt til eit forskingsprogram, og med sikte på unge, nyutdanna sivilingeniørar med diplom innanfor skip og framdriftssystem. A var da utelukka alt ut frå alderen sin. Fleirtalet uttala elles at personlege eigenskapar er relevante ved vurderinga om ein person er skikka, ikkje berre når dei påverkar utføringa av eigne oppgåver, men også når dei f.eks. fører til store samarbeidsvanskar eller eit dårleg arbeidsmiljø. Fleirtalet var ikkje einig med A i at det er ei direkte kopling mellom høvet til å nekte førerett og vilkåra i § 60 nr. 1 for oppseiing på grunn av slike eigenskapar. Rett nok kan det visas til at eit føremål med føreretten er å hindre at kortvarige driftsinnskrenkingar vert nytta som middel til å skifte ut arbeidstakarar som det elles ikkje er sakleg grunn til å seie opp. Men når ordlyden er forskjellig i § 67 og § 60 nr. 1, og det er faktiske forskjellar fordi det er tale om å vurdere i forhold til forskjellige stillingar og på forskjellige tidspunkt, kan vurderinga ikkje bli heilt samanfallande. Mindretalet meinte at det som --- prinsipalt hadde gjort gjeldande, ikkje kunne føre fram. Organisatorisk var stillinga til B nyoppretta som vanleg stilling for sivilingeniør, og tilknytinga til forskingsprogrammet var etter synet til mindretalet ikkje så nær, at kravet til at stillings-innehavaren skulle vere nyutdanna, kunne slå igjennom i forhold til As førerett etter aml. § 67. Mindretalet meinte også at rettsbruken til lagmannsretten var uklar, og at dommen derfor måtte opphevas.
Til toppen