Frårådingsplikt ved låneopptak i bank

24.09.2003, 2002/1644, sivil sak, anke
Finansavtalelova § 47. Avtalelova § 36
A (advokat Jan Erik Granmo) mot Den norske Bank ASA (advokat Jan A. Aaserud Pedersen)
Utgård, Coward, Stang Lund, Støle og Dolva

A underskreiv 28. februar 1994 eit gjeldsbrev til Den norske Bank på 850 000 kroner. Lånet gjaldt refinansiering av ektefellen si særgjeld, i stor grad til banken. A hadde før låneopptaket stilt ei burettslagsleilegheit som pant for 410 000 kroner av gjelda, og ho stilte også etterpå pant, no for 400 000 kroner. Leilegheita hadde ikkje større verdi enn pantet.

Det var tidlegare avgjort at A var personleg låntakar for heile gjelda, og at det som låntakar og ikkje som kausjonist. For Høgsterett var hovudspørsmålet om DnB hadde late vere å oppfylle frårådingsplikta si ved låneopptaket. Høgsterett viste til at dette måtte avgjerast etter rettsreglane frå før finansavtalelova av 1999, der spørsmålet no er regulert i § 47. Det vart teke utganspunkt i Rt. 1959 side 1048 der ein kjøpar vart frifunnen fordi kjøparen - i motsetning til seljaren - ikkje forsto at det var tale om "et håpløst foretagende" og at kjøparen "åpenbart ikke kunne oppfylle kontrakten". Dette gav likevel ikkje utan vidare grensa for ansvaret. Seinare - frå 1959 til 1994 - hadde det vore ei utvikling i kontraktsansvaret i retning av større forbrukarvern og også allment større lojalitetskrav i kontraktshøve. A kunne ikkje åleine ha dekt låneterminane. Men ho måtte vurderast saman med ektefellen. Desse ville tvillaust ha fått ein stram økonomi. Det kunne ikkje vere avgjerande. Ho hadde like god oversikt over situasjonen som det banken ville ha. Og dessutan kom det inn at ho måtte ta omsyn til å sikre leilegheita og også til situasjonen i ekteskapet. Heller ikkje avtalelova § 36 kunne føre fram for A. Banken vart frifunnen og tilkjent sakskostnader.
Til toppen