Grovt ran eller tjuveri

18.03.2003, 2002/1691, straffesak, anke
Straffelova § 267 jf. § 268 andre ledd
A (advokat Erne Meltvedt) mot Den offentlege påtalemakta (riksadvokat Tor-Aksel Busch)
Stabel, Tjomsland, Matningsdal, Zimmer og Dolva

A blei, saman med to andre unge menn, i lagmannsretten dømd for medverknad til grovt ran. Ranet skjedde i ei urmakarforretning på X, og det blei teke ur og smykke for ca. 870.000 kroner. Den kvinnelege ekspeditøren, som da var aleine i forretninga, blei slått, bunden og knebla, slik at ho blei liggjande hjelpelaus. Tingretten fann det bevist at dei tre tiltala reiste frå Y til X for å gjennomføre ranet. For lagmannsretten, som blei sett med lagrette, vedgjekk A at han stod vakt utanfor forretninga. Derimot sa han seg ueinig i at han var klar over at det skulle begås eit ran. Han meinte derfor at forsettet hans berre omfatta tjuveri, og at han ikkje kunne dømmas for ran, og at rettsutgreiinga til lagmannsretten på dette punkt var feil.

Høgsterett forkasta anken. Slik lagmannsretten hadde skildra hendingsgangen i straffutmålingsvurderingane sine, såg A straks han kom inn i butikken, ekspeditøren liggje bunden og hjelpelaus på golvet. Dette var for øvrig ikkje noko A hadde sagt seg ueinig i. Trass i dette gjekk han straks i gang med å forsyne seg av varene, saman med dei to andre. At han ikkje hadde vore med på sjølve valdsutøvinga, kunne da ikkje vere avgjerande. Ranshandlinga, som inneheld to element, eit valdselement og eit borttakingselement, var på dette tidspunktet ennå ikkje fullført. Hans hjelp til å gjennomføre ranet, som var å ta bort varene, blei derfor funnen å vere tilstrekkeleg. Det hadde ikkje vore mogleg å gjennomføre borttakinga utan at ekspeditøren var sett ut av spel, og at A både forstod og utnytta dette. Om han opphavleg berre hadde vore med på å planleggje eit tjuveri, kunne derfor heller ikkje vere avgjerande.
Til toppen