Habiliteten til testamentvitne

12.02.2003, 2002/458, sivil sak, anke
arveloven § 61 andre ledd første punktum
A (advokat Fred Arne Gade) mot B (advokat Jesper Holte)
Mitsem, Matningsdal, Gussgard, Flock og Gjølstad

Saka galdt spørsmålet om to testamentsvitne var inhabile etter arveloven § 61 andre ledd første punktum, og blei behandla i samanheng med Høgsteretts sak nr. 2002/485.

Som vitne blei nytta administerande direktør i eit selskap der testamentsarvingen hadde ein monaleg, men ikkje dominerande, aksjepost og sat i styret. Arvingen var også tilsett i selskapet, men i ei stilling underordna administrerande direktør. Det andre vitnet var ein privatpraktiserande advokat. Han var den faste advokatkontakten i selskapet og hadde også hatt advokatoppdrag for testamentsarvingen. Høgsterett kom - som dei tidlegare instansane - til at det ikkje låg føre inhabilitet. Det blei vist til dommen i sak nr. 2002/485, der føresegna skal forstås etter ordlyden. Sjølv om ein testamentsarving har ein meir eller mindre dominerande makt i eit aksjeselskap, vil føresegna ikkje råke tilsetjingsforholdet eit vitne har i selskapet. Det andre testamentsvitnet, advokaten, hadde ikkje noko tilsetjingsforhold korkje i selskapet eller hos testamentsarvingen, og kunne klart ikkje reknas for å ha vore "i teneste hos" arvingen.
Til toppen