Krav om skadebot for psykiske skadar påførte ved soning av straffedom

24.06.2003, 2002/1149, sivil sak, anke
Straffeprosesslova §§ 459 første ledd og 462
A (advokat Eirik Djønne) mot Staten v/Justisdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Fanny Platou Amble)
Utgård, Gjølstad, Matningsdal, Zimmer og Schei

A saksøkte staten fordi han meinte soning av ei straff av fengsel i 10 månader skulle vore utsett fordi helsetilstanden hans gjorde soning "utilrådelig", jf. straffeprosesslova § 459 første ledd. Høgsterett viste til at lova set opp eit streng vilkår for utsetjing med soninga. Utanom dei heilt klare tilfella er det tale om ei samansett vurdering, sjølv om omsynet til helsetilstanden vil vere sentral. I ei slik vurdering er det også nødvendig å ta rettferds- og konsekvensomsyn. Om eit fengselsopphald kan sameinast med domfelte sin helsetilstand, må også vurderast ut frå kva slags soning det kan bli tale om.

Sjølv om det er påtalemakta som tek avgjerd i spørsmålet om soning skal skje, er dette ei avgjerd som domstolane kan prøve fullt ut i medhald av straffeprosesslova § 462. Høgsterett kom etter ei konkret vurdering til at A ikkje var soningsudyktig på det tidspunktet då statsadvokaten tok avgjerd, og at han heller ikkje var det på seinare tidspunkt. Han vart etter ei tid i lukka avdeling i Oslo kretsfengsel overført til open soning i X arbeidskoloni. Ut frå prøve som viste bruk av cannabis vart han tilbakeført til Oslo kretsfengsel, der han etter kort tid vart svært dårleg psykisk. Det var semje mellom partane om at sjukdommen er varig. Høgsterett kom til at det ikkje var nokon feil at A ut frå den positive prøva vart tilbakeført til lukka avdeling. Han hadde tidlegare vore på lukka avdeling utan at det hadde valda særlege problem. Han hadde etter tilbakeføringa etter få dagar vorte ganggut, slik at han ikkje vart innelåst på cella på dagtid. Det var såleis heller ingen feil knytt til behandlinga i fengselet. Det var etter dette ikkje ansvarsgrunnlag i samband med tilbakeføringa eller opphaldet, og staten vart frifunnen.
Til toppen