Oppbevaring og sal av heroin og kokain

01.09.2003, 2003/581, straffesak, anke
Straffelova § 162 mv.
A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Hans Jørgen Bender)
Utgård, Dolva, Gjølstad, Støle og Schei

Hovudspørsmålet i saka var kva det skulle ha å seie for straffutmålinga at oppbevart heroin har svak styrkegrad. A kom til Noreg hausten 2001 frå Belgia. Han vart domfelt for truslar ved at han denne hausten trua to dørvakter på ein utestad med pistol. Domfellinga omfatta også vald mot kjærasten, jf. straffelova § 228 første ledd.

Det dominerande tilhøvet for straffutmålinga var likevel domfelling for oppbevaring og sal av heroin og kokain. Kokainen - for sal og omsetning i alt 1 892 gram - hadde ein vanleg eller tilnærma vanleg styrkegrad. Når det gjaldt heroinen, var det tale om oppbevaring av eit samla kvantum på 3 477 gram heroinblanding. Av dette hadde 2 830 gram ein styrkegrad på 2 prosent, 198 gram 5 prosent og 14 gram 9 prosent. Dette var stoff som berre kunne takast inn ved røyking eller sniffing. I tillegg var det 434 gram med ein styrkegrad på 29-30 prosent, som også kunne takast inn ved injeksjon. Høgsterett viste til at ved så store avvik frå vanleg styrkegrad som her, må det føre til lågare straff enn elles. Svakare styrke tilseier færre brukardosar. Ved fastsetjing av talet på dosar kjem det også inn at bruk ved sniffing og røyking inneber tap til luft utanfor lungene. Inntak av slikt svakt stoff ved røyking og sniffing inneber også redusert risiko for overdosedødsfall samanlikna med bruk ved injeksjon. Lagmannsretten hadde funne at narkotikaen kom frå foreldra i Belgia, og at domfelte hadde ei "meget sentral" rolle ved sal og distribusjon i Noreg. Handlingane var planlagde gjennom lang tid. Domfelte var ikkje narkotikamisbrukar. Høgsterett la ved straffutmålinga ikkje vekt på at A berre var 18 år og 10 månader då han vart pågripen. Forholdet til foreldra kunne heller ikkje vere formildande. Det var ikkje opplyst at han var utsett for press eller tvang. Ut frå vurderinga av lågare styrkegrad på heroinen enn vanleg reduserte Høgsterett straffa frå fengsel i 10 år til fengsel i 9 år.
Til toppen