Oppreising til valdtektsoffer

05.11.2003, 2002/981, sivil sak, anke
Skadeserstatningslova § 3-5 første ledd bokstav b
A (advokat Knut Lindboe) mot B (advokat Inger Lise Sætren)
Coward, Støle, Skoghøy, Gussgard, Schei

Den dømde var i lagmannsretten dømd for valdtekt til fengsel i 3 år og 6 månader og dessutan til å betale oppreising til den krenkte med 100 000 kroner. Anken hans over oppreisingssummen blei i Høgsterett behandla - saman med sak nr. 2002/1674 -som ei prinsipiell sak om storleiken av oppreisinga til valdtektsoffer.

Anken førte ikkje fram. Høgsterett meinte - som i den tidlegare prinsippavgjerda i Rt. 1988 side 532 - at det bør gjelde ei rettleiande norm for oppreisinga til valdtektsoffer, noko som normalt vil vere ein klar føremon for offeret. Det blei uttala at norma ikkje er til hinder for at domstolen set summen høgare eller lågare, men at det krev særlege grunnar. Mens norma i 1988-dommen blei sett til 30 000 kroner, som etter ei rein indeksvurdering ville svare til i underkant av 50 000 kroner i dag, kom Høgsterett til at 100 000 kroner nå kan vere ein høveleg sum. Det blei særleg vist til den auka kunnskapen og innsikta i dei skadeverknadene ei valdtekt ofte vil ha for offeret, ikkje minst på noko lengre sikt. Også utsegner frå lovgjevande styresmakter tala for ein slik auke av summen.
Til toppen