Oppseiing i arbeidstilhøve som flygar grunna tillitssvikt

04.12.2003, 2001/194, sivil sak, anke
Arbeidsmiljølova § 60
Scandinavian Airlines System Denmark Norway Sweden (advokat Lars Holo) mot A (advokat Roar Inge Bjerknes)
Utgård, Stang Lund, Gjølstad, Coward og Schei

A gjorde som flykaptein i SAS 4. juli 1999 ei omvisingsflyging frå Alta til Tromsø i strid med SAS sitt regelverk for flyging. Etter flygeplanen som A hadde signert og som var i samsvar med det interne regelverket i SAS, skulle flyginga skje som instrumentflyging i ei høgde godt over fastsett minstehøgde på 6 000 fot. Slik flyging ville skjedd i luftrom overvaka av flygeleiarane. A gjennomførte i staden flyginga manuelt, noko under eit skydekke på ca. 3 000 fot. Flyet gjekk inn Langfjorden, og var ved passering av eit eid over til Kvænangen 874 fot over bakken på det lågaste.

Som følgje av flyginga vart A degradert til styrmann, han fekk ei streng åtvaring og det vart fastsett at han skulle gjennomføre eit utdannings- og oppfølgingsprogram. A klaga dette inn for det partssamansette Kvalifikasjons- og disiplinærrådet i SAS som samrøystes slutta seg til det synet SAS hadde hatt på faregraden ved flyginga. Det vart uttala at A "forsettlig [hadde] krympet sikkerhetsmarginene på en klanderverdig måte". A uttala at han godtok degraderinga, og fråfall den saka han hadde reist sak for å få kjent oppseiinga frå kapteinstillinga ugyldig. Høgsterett la til grunn at oppseiinga frå stillinga som flygar måtte avgjerast på grunnlag av den tilsette sine tilhøve, og då i lys av dei krav SAS måtte kunne stille til samarbeid og tillit, jf. arbeidsmiljølova § 60. Høgsterett la til grunn at SAS kunne ha sagt opp A frå stillinga som kaptein. Det var ikkje grunnlag for å fråvike dei fagkunnige vurderingane som var gjorde av SAS og av Kvalifikasjons- og disiplinærrådet. A måtte då følgje vilkåret ved overgang til ny stilling som flystyrmann, og som innebar eit oppfølgings- og rekvalifiseringsprogram. I rekvalifiseringa var det spørsmål om at A skulle godta dei krava SAS hadde stilt opp. A meint at flyginga ikkje hadde vore så farleg som det SAS meinte, han følte seg urimeleg behandla og han uttala at han ikkje hadde tillit til leiinga i SAS. Leiinga i SAS svara på si side at det var A som måtte byggje opp att tilliten. Då A stod fast på sitt, vart han oppsagt også frå stillinga som flygar. SAS måtte ha rett til slik oppseiing. A hadde rett til å ha eigne meiningar. Men som flygar i SAS må han ta inn over seg og rette seg etter den tryggingsstandarden selskapet set, også om den er strengare enn etter lovverket. Når A i den aktuelle situasjonen ikkje hadde tillit til leiinga i SAS, innebar det ein risiko for at A også seinare ville forfølgje eigne vurderingar som selskapet ikkje måtte avfinne seg med. Oppseiinga vart etter dette kjent gyldig. Sakskostnader vart ikkje tilkjende.
Til toppen