Spritsmugling frå Tyskland

06.06.2003, 2003/281, straffesak, anke
Alkoholloven § 10-1 mv.
A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Jogeir Nogva)
Rieber-Mohn, Mitsem, Stabel, Coward og Aasland

Saka galdt straffutmåling etter omfattande spritsmugling frå Tyskland til Noreg. Den dømde som budde og dreiv forretningsverksemd i Tyskland, og som fekk økonomiske problem, hadde ei sentral rolle i planlegginga og gjennomføringa av innsmuglinga. Verksemda fordelte seg på tre ruter. Den mest omfattande innsmuglinga skjedde med skip frå X til Y i Hardanger, der store mengder 96 % sprit blei ført iland ved ei rekkje høve i 1997. A blei ved dom i byretten kjend skuldig i ti slike innsmuglingar. Han blei vidare kjend skuldig i ei innsmugling til Z 23. september 1998, som førte til pågriping og sette etterforskinga i gang. Endeleg blei han kjend skuldig i ei innsmugling via Sverige 27. mai 1999, altså mens han var under etterforsking for omfattande smugling, og etter at han var sleppt laus frå nokre månaders varetektsopphald hausten 1998. Totalt galdt innsmuglinga til A 260 000 liter sprit.

I dom av 25. juni 2001 fastsette byretten straffa for A til fengsel i fem år, slik at 2 år blei gjort på vilkår. Etter anken til den dømde, der berre straffutmålingsanken blei tilvist, sa lagmannsretten 20. januar 2003 ordskurd som forkasta anken. A anka straffutmålinga til Høgsterett, som også forkasta anken. Høgsterett peika på at den særs omfattande spritsmuglinga som A var skuldig i, hadde eit klart preg av organisert kriminalitet, som var nøye planlagt og hadde gått føre seg over eit lengre tidsrom. As rolle var sentral. Han aleine hadde hatt ei vinning på over 4.2 millioner kroner. Det dreier seg om ei mykje samfunnsskadeleg verksemd, og det blei sett på som særleg skjerpande at innsmuglinga via Sverige fann stad mens han var under etterforsking. Høgsterett slo fast at det var utan vekt ved straffutmålinga kva straffa var blitt for medskuldige i same sakskompleks, som hadde fått sakene sine rettskraftig avgjort i byrett eller lagmannsrett, sjå Rt. 2001 side 1408. Når 2 år av straffa blei gjort på vilkår, var det i først rekkje fordi A ved sine forklaringar hadde medverka til oppklaring av sakene til andre involverte.
Til toppen