Straff på vilkår for butikktyveri og for bedrageri

28.01.2003, 2002/1202, straffesaak, anke
Straffeloven §§ 257 og 270
A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Ingunn Fossgard)
Stang Lund, Stabel, Rieber-Mohn, Gussgard og Aasland

A blei funnen skyldig i to tyveri frå forretningar av respektive 8 sett mobiltelefonar og noko kjøkkentøy til ein verdi av om lag 33 000 kroner, 6 bedrageri overfor forretningar med samla utbytte på 4 400 kroner og eitt forsøk på bedrageri. Dei straffbare forholda fann stad frå 11. desember 1998 til og med 28. oktober 1999. Mobiltelefonane blei stolne i opningstida til forretninga ved at den dømde og ein kamerat samarbeidde om å avleie ekspeditøren for deretter å tileigne seg telefonane. Bedrageria skjedde i kassene i forretninga ved at den dømde når han skulle betale for varene, manipulerte og forvirra ved vekslinga, slik at han fekk utbetalt for mykje. Sjansen for å bli oppdaga var etter måten liten ved at bedrageria normalt først viste seg som ein uforklart manko ved oppteljing og avstemming av kassa.

Heradsretten dømde A til fengsel i 9 månader og gjorde 6 månader av straffa på vilkår. Lagmannsretten sette straffa til 60 dagars fengsel utan vilkår på grunn av at saka hadde teke lang tid. Lagmannsretten uttalte at bedrageria var utført etter eit bevisst mønster for å forvirre kasseraren i samband med veksling og betaling. Han hadde handla planmessig, og bedrageria var utøvd på ein kynisk måte. Den dømde anka over straffutmålinga til Høgsterett, som tok anken til følgje. Høgsterett fann at planmessige, utspekulerte og kyniske bedrageri av denne typen i utgangspunktet måtte føre til fengsel utan vilkår. Den uforklarte mankoen kunne gi grunnlag for urettkomen mistanke om uregelrette forhold. Framgangsmåten råka såleis ikkje berre forretninga, men også den som hadde ansvaret for kassa da bedrageria fann stad. Ei straff på 120 dagar fengsel utan vilkår for bedrageria og tyveria ville vore passande om saka hadde blitt pådømd innan rimeleg tid etter siste lovbrot. Men det var 3 år og 3 månader sidan siste straffbare handling fann stad. Nokolunde halve tida skyldtes at saka hadde blitt liggjande hos politiet. Da saka hadde teke urimeleg lang tid utan at den dømde kunne klandras for dette, blei straffa i sin heilskap gjort på vilkår.
Til toppen