Straffutmåling - drap på seks år gammal gut

11.03.2003, 2002/1057, straffesak, anke
Straffeloven § 39 e første og annet ledd, straffeloven § 233 første ledd
A (advokat Morten Kjensli) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Jan Hoel) og Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Jan Hoel) mot A (advokat Morten Kjensli)
Zimmer, Stabel, Tjomsland, Matningsdal og Dolva

Saka gjeld fastsetjing av forvaringsstraff for drap og varetektsfrådrag. Ei 24 år gammal kvinne kvalte utan nærare grunn ein seks år gammal gut. Kvinna blei sett på som tungt belasta gjennom barndom og oppvekst, og dei sakkunnige konkluderte med at det låg føre høg risiko for framtidig aggressiv og impulsiv åtferd.

Ho blei i lagmannsretten dømd til forvaring med minstetid 7 år og tidsramme på 11 år. Høgsterett fastsette minstetida til 8 år, idet det blei lagt til grunn at ei fengselsstraff ville ha blitt sett til 11-12 år. Tidsramma blei sett til 13 år, blant anna under tilvising til at den dømde ikkje var så farleg at det tilsa at ein gjekk opp mot det normale maksimum på 15 år. Lagmannsretten hadde ikkje gitt varetektsfrådrag, men hadde teke skjønnsmessig omsyn til varetektstida ved fastsetjinga av minstestraffa. Dette er feil (jf. Rt. 2002 side 889), og Høgsterett gav frådrag for varetektsfengsel i både minstestraff og tidsramme med 1041 dagar.
Til toppen