Straffutmåling - sal av amfetamin med særleg låg styrkegrad

11.09.2003, Sak nr. 2003/486, straffesak, anke
Straffeloven § 162
A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Harald Strand)
Utgård, Coward, Stang Lund, Støle, Dolva

Høgsterett bygde vidare på avgjerda 1. september 2003 i sak nr. 2003/581 som galdt heroin. Store avvik frå normal styrkegrad må klart kome inn ved straffutmålinga. Det er også eit nært samhøve mellom mengda rein narkotika og den samfunnsskaden som kan valdast. Også dei økonomiske interessene må reknast å vere i eit visst samhøve med mengda reint stoff.

Ein del av amfetaminen som utgjorde 865 gram, hadde ein styrkegrad på 6 prosent. Dette partiet kunne ikkje takast inn ved injeksjon, men må takast gjennom munnen. Ei omrekning gav om lag 50 gram reint heroin, eller alternativt 125 gram med ein nokså vanleg styrke ved gatesal - 40 prosent. Den andre delen av amfetaminen som utgjorde 786 gram, hadde ein styrkegrad på mindre enn 1 prosent. Høgsterett la til grunn at salet av dette partiet ikkje i noko fall kunne ha praktisk innverknad på straffutmålinga. I straffutmålinga viste Høgsterett til avgjerda i Rt. 1999 side 1008 som gjaldt sal av om lag 160 gram amfetamin med vanleg styrke, og der straffa vart sett til fengsel i 1 år og 6 månader. I straffutmålinga i saka no, viste Høgsterett i tillegg til vurderinga av stoffmengde og styrkegrad til at domfelte i saka hadde ei sentral rolle ved salet. Etter dette vart straffa sett til fengsel i 1 år og 3 månader.
Til toppen