Straffutmåling - samfunnsteneste - innkjøp av heroin

12.02.2003, 2002/737, straffesak, anke
straffeloven § 162 første og andre ledd
A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Den offentlige påtalemakta (statsadvokat Ellen Cathrine Greve)
Gussgard, Flock, Mitsem, Matningsdal og Gjølstad

Med hovudvekt på kjøp av ca. 25 gram heroin i juni 2001, straffeloven § 162 første og andre ledd, blei A dømd til ei straff av fengsel i 1 år og 6 månader. Lagmannsretten forkasta anken hennar for å få samfunnsteneste.

Den dømde hadde hatt ei vanskeleg oppvekst, begynte tidleg med alkohol og kom inn i ulike rusmiljø. Da forhøyrsretten dømde i saka, var ho gravid. I samband med graviditeten hadde ho freista å bryte med narkotikamisbruken sin, og etter dei opplysningane som låg føre for Høgsterett, måtte det leggjas til grunn at ho hadde vore rusfri sidan februar 2002. Frå byrjinga av 2002 hadde ho budd på B foreldre og barn senter, ein fylkeskommunal institusjon, der ho var underlagd jamnlege ruskontrollar og vekentleg gjekk i psykiatrisk terapi. Barnet blei født i juli 2002. På bakgrunn av personundersøkjing og fråsegner frå institusjonen la Høgsterett til grunn at den dømde var inne i ein klar rehabiliteringssituasjon. Ei fengselsstraff utan vilkår ville kunne øydeleggje det arbeidet ho sjølv og helsepersonell hadde gjort over lang tid for å få ho varig ut av misbrukssituasjonen. Tilbakefall ville både gå ut over henne sjølv og barnet. Ved straffutmålinga galdt straffeloven § 28a slik den lydde før lovendringa 18. mai 2001, samfunnsstraff. Straffa blei sett til samfunnsteneste i 345 timar, etter frådrag for 13 dagar varetektsfengsel, subsidiært fengsel i 1 år og 6 månader. Avgjerda inneheld merknader i tilknyting til at det etter § 28a, slik han nå lyder, ikkje kan dømmas til samfunnsstraff når strafferamma er høgare enn fengsel i 6 år.
Til toppen