Straffutmåling - samfunnsteneste - oppbevaring av narkotika

12.02.2003, 2002/762, straffesak, anke
straffeloven § 162 første og andre ledd
A (advokat Knut Rognlien) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Per Reehorst)
Flock, Mitsem, Matningsdal, Gussgard og Gjølstad

A var i forhøyrsretten dømd for oppbevaring av narkotika som svarte til litt over eitt kilo hasjisj, jf. straffeloven § 162 første og andre ledd. Straffa blei sett til fengsel i 6 månader. Han anka fåfengt både til lagmannsretten og Høgsterett for å få samfunnsteneste etter reglane før lovendring 18. mai 2001 nr. 21.

Høgsterett uttala at det, i tilknyting til den mengda narkotika det her var tale om, berre kunne vere aktuelt å gi dom på samfunnsteneste dersom spesielle personlege forhold, som klare og sterke rehabilitetsomsyn eller at saka var blitt svært gammal, tala for det. Slike forhold var ikkje til stades i denne saka.
Til toppen