Straffutmåling etter valdtekt til seksuell omgang

25.04.2003, 2002/1599, straffesak, anke
Straffelove § 192 første ledd bokstav a
A (advokat Arne Meltvedt) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat berit Sagfossen)
Utgård, Flock, Gussgard, Stang Lund og Schei

Domfellinga gjaldt brot på straffelova § 192 første ledd bokstav a. Handlinga fann stad etter lovendringa 11. august 2000 som hadde som siktemål å auke det alminnelege straffenivået for valdtekt, og i særleg grad for dei mest alvorlege formene for valdtekt. Høgsterett viste til at også valdtekter som ikkje gjeld samleie, kan gå inn under ei slik skjerpa vurdering.

Det vart lagt til grunn at saka gjaldt ei slik alvorleg handling. Domfelte observerte den krenkte kvinna - som var granne - over fleire månader for å finne ut kva ho gjorde. Han fann ut at ho tidleg kvar onsdag morgon køyrde sambuaren til togstasjonen, og at døra var ulåst dei minutta det tok. Han lurte seg så ein morgon inn i huset, venta til ho hadde lagt seg til å sove, før han - naken på underkroppen - gjekk til åtak på henne. Ho fekk lagt ei pute over andletet og måtte kjempe for å unngå at puta vart halden fast. I denne situasjonen trekte domfelte delvis av henne buksa og førte ein eller fleire fingrar inn i skjeden hennar. Høgsterett uttala at dette er ein situasjon som innebar ei massiv intergritetskrenking av kvinna, og som må ha framstått som svært skræmande. I ettertid må det også ha vore svært problematisk for kvinna å viste at domfelte hadde følgt med henne i fleire månader, for så å utnytte det han hadde funne ut. Straffa måtte fastsetjast ut frå eit straffenivå som bygde på lovendringa i 2000, og det var då ingen saker som direkte kunne samanliknast. Høgstrett kom til at straffa på fengsel i 2 år og 9 månader slik lagmannsretten hadde kome til, var ein høveleg reaksjon.
Til toppen