Valdtekt av prostituert kvinne - straffutmåling

11.02.2003, 2002/1496, straffesak, anke
Straffelova § 192 første ledd bokstav a, jf. andre ledd bokstav a
A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Arild Holden)
Utgård, Rieber-Mohn, Tjomsland, Coward og Aasland

Høgsterett viste til at handlinga i tid låg etter endringa av straffelova § 192 i august 2000, noko som innebar at straffenivået var heva i høve til rettspraksis frå før lovendringa. Det måtte då vere slik - som lagt til grunn i Ot.prp. nr. 28 for 1999-2000 punkt 4.6.4 - at den krenkte sin "seksualmoral eller seksuelle atferd utenom den konkrete saken er . uten betydning for straffutmålingen og det vern vedkommende skal ha mot voldtekt". At den krenkte var prostituert, gav henne såleis ikkje noko anna vern enn det ho elles ville ha. Vurderinga måtte skje ut frå omstenda ved den strafflagde handlinga.

I vurderinga danna det då ei ytre ramme - som gjorde saka spesiell - at den krenkte var viljug til å ha samleie mot betaling, og at det var manglande betaling som gjorde at ho ombestemte seg. Ved den nærare vurderinga måtte det leggjast stor vekt på måten valdtekta vart gjennomført på. Den krenkte vart nærast lurt inn i ei felle, gjennom det som synest å ha vore ein plan frå domfelte. Lagmannsretten hadde lagt til grunn at det vart nytta "betydelig vold", og domfelte kom med drapstruslar. Dette var ein handlemåte som gjorde at det måtte reagerast strengt. Samla sett kom likevel retten til at straffa i lagmannsretten på fengsel i 3 år var sett noko høgt, og straffa vart sett til fengsel i 2 år og 6 månader slik tingretten kom til.
Til toppen