Valdtekt mot ei ung jente - straffutmåling og oppreisingsansvar

06.06.2003, 2003/315, straffesak, anke
Straffelova § 229 første straffalternativ, jf. § 232
A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Eirik Stolt-Nielsen)
Utgård, Zimmer, Stabel, Coward og Tjomsland

A var i lagmannsretten funnen skuldig i valdtekt mot ei jente som på handlingstida var 14 år og 11 månader gammal. Jenta besøkte måndag kveld domfelte, som ho hadde vorte kjend med på laurdagen. Han var då 21 år. Etter at dei gjensidig hadde massert kvarandre på overkroppen utanpå kleda, ville han gå vidare. Då ho nekta, gjennomførte han valdtekta. Over ein periode på ein og ein halv time måtte ho suge penis, han slikka henne i skrittet og det vart gjennomført vaginale samleie. Det vart ikkje nytta kondom. Det vart ikkje nytta vald ut over det som var ein del av valdtekta, men han utnytta sin overlegne fysiske styrke og nytta truslar. Domfellinga omfatta også grov vald ved eit anna høve, straffelova § 229 første straffalternativ, jf. § 232, og dessutan nokre andre handlingar. Straffa vart sett til fengsel i 4 år.

Anke omfatta også spørsmål om oppreising. Høgsterett kom til at påtalemakta her hadde sett fram kravet om oppreising straks domfelte hadde anka - ei anke som også hadde omfatta oppreisingsspørsmålet. At domfelte seinare hadde trekt anken over oppreisinga, kunne då ikkje hindre lagmannsretten i å behandle spørsmålet. Høgsterett uttala seg også om nivået på oppreisinga. Summen på 75 000 kroner låg noko høgt i høve til nivået. Det var likevel her tale om overgrep mot ein mindreårig, det det kom inn særlege omsyn. Anken frå domfelte på dette punktet førte derfor ikkje fram.
Til toppen