Valdtekt og lekamskrenking gjort av 15 år gammal jente. Medverkingsansvar.

14.10.2003, 2003/705, straffesak, anke
Straffelova § 228 første ledd, jf. § 232
A (advokat Christian Wiig) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Erik Thronæs)
Utgård, Stang Lund, Matningsdal, Støle og Dolva

Ei jente som gjekk i 9. klasse på ungdomsskulen, vart valdteken ved at ho fekk ført steinar og ein pinne inn i vagina. Sjølve handlingane vart gjorde av ei jente på 14 år. A, som på handlingstida var 15 år og 2 månader, anka fordi ho av lagmannsretten var domfelt for medverking til valdtektene. I denne domfellinga for medverking hadde lagmannsretten lagt avgjerande vekt på at A i nær fire og ein halv time før valdtektene hadde vore med på lekamskrenking med karakter av mishandling, straffelova § 228 første ledd, jf. § 232. Ho hadde også to gonger vore med på å hindre at den krenkte kom seg unna.

Høgsterett var einig med lagmannsretten i at spørsmålet om medverking måtte vurderast i lys av den langvarige mishandlinga som gjekk føre valdtektene. Når A i denne situasjonen vart med inn dit valdtektene vart utførte, måtte ho dømmast for medverking til valdtekt. Sjølv om domfelte var ung på gjerningstida, kom Høgsterett til at det ikkje var grunn til å endre dommen i lagmannsretten på samfunnsteneste i 300 timar til ein dom på fengsel på vilkår. Ein vilkårsdom innebar etter Høgsterett sitt syn ikkje tilstrekkeleg markering av alvoret i handlingane.
Til toppen