Valdtektsføresegna i straffeloven § 192

02.06.2003, 2003/368, straffesak, anke
Straffelova § 192 første ledd bokstav b- lovbruk
A (advokat Arne Meltvedt) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Stina Sveier Nielsen)
Coward, Oftedal Broch, Zimmer, Utgård og Tjomsland

Den tiltala var dømd i tingretten og lagmannsretten etter valdtektsføresegna i straffeloven § 192 første ledd bokstav b - seksuell omgang med nokon som er medvitslaus eller liknande. Ut frå rettsutgreiinga til lagmannen og straffutmålingsmerknadene til retten måtte lagretten reknas for å ha lagt til grunn at føresegna råkar eit tilfelle der ein mann held fram å ha seksuell omgang med ei kvinne som opphavleg er med på dette frivillig, men etter kvart har sovna.

Høgsterett kom til at dette ikkje var ei rett lovforståing. Rett nok kunne ordlyden i loven seias å omfatte også denne situasjonen. Men situasjonen - som neppe er upraktisk - var ikkje omtala i lovførearbeida, høgsterettspraksis eller juridisk teori, og reelle omsyn og omsynet til konsekvensar av lovtolkninga måtte da få vekt. Høgsterett la vekt på at det gjeld bruken av særs alvorlege straffeføresegner, og at det er stor skilnad i graden av krenking og klanderverdigheit samanlikna med det som typisk vert råka som valdtekt etter § 192. Straffridom må likevel avhenge av at gjerningsmannen ikkje har gått over til meir inngripande handlingar etter at partnaren har sovna, og at medvitsløysa ikke er skjedd som følgje av eit epileptisk anfall, ei ulykke eller liknande.
Til toppen