Forbodet mot å bere våpen på offentleg stad

28.01.2003, 2002/1214, straffesak, anke
Våpenloven § 27 b andre ledd
Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Sidsel Wam Nilssen) mot A (advokat Arne Meltvedt)
Gussgard, Stang Lund, Stabel, Rieber-Mohn og Aasland

Påtalemaktas anke til Høgsterett galdt straffutmåling for brot på våpenloven § 27 b andre ledd, og for kjøring utan førarkort. Påtalemakta meinte at den straffa lagmannsretten hadde målt ut, fengsel i 6 månader, i sin heilskap måtte gjeras utan vilkår. Fleirtalet var komme til at 120 dagar kunne gjeras på vilkår.

Anken blei teken til følgje ved at straffa blei gjort utan vilkår. Den dømde hadde som sjåfør i bil i Oslo sentrum natta til 27. mai 2001 ein pistol med dobbelt løp under førarsetet. Begge løpa var ladde med haglpatronar. Det var to andre personar i bilen, og det låg også ein ladd pistol under passasjersetet framme. Som grunn for å ha skaffa pistolen, har den dømde forklart at han var blitt utsett for angrep og trugsmål frå den såkalla "B-gjengen". Denne kvelden kjørte han etter ein Mercedes der det sat to personar som skal ha hatt tilknyting til "B-gjengen", noko den dømde var klar over. Mercedesen stoppa, og den dømde stoppa sin bil. Ein frå Mercedesen sparka deretter i bilen til den dømde. Politiet hadde følgt etter dei to bilane og greip blant andre den dømde. Høgsterett kom til at forholdet korrekt var subsumert under våpenloven § 33 andre ledd, der strafferamma vert auka til fengsel inntil 4 år dersom brotet må sjås på som grovt. Det blei lagt vekt på at saka galdt to våpen, og at haglpistolen med dobbeltløp var særs farleg dersom han blei fyrt av på kort hald. Den dømde hadde heller ikkje løyve til å eige dette våpenet. I tillegg kom at han hadde teke med seg våpenet ut i byen nattestider i ein situasjon der han var redd for nye konfrontasjonar med "B-gjengen", og nærmast hadde oppsøkt ein slik situasjon. Dei same momenta måtte føre til at straffa i sin heilskap blei gjort utan vilkår.
Til toppen