Samleie med to mindreårige jenter - straffutmåling

28.01.2003, 2002/1261, straffesak, anke
Straffeloven § 195 første ledd annet straffalternativ og § 196 første ledd, jf, § 62
A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Ingunn Fossgard)
Rieber-Mohn, Gussgard, Stang Lund, Stabel og Aasland

I tingretten var A dømd for at han som 25 åring hadde samleie med to jenter på respektive 12 år og 11 månader og 15 år og 8 månader, til ei straff av fengsel i 2 år og 1 månad, som etter lovendring 11. august 2000 var minstestraffa for dei to brotsverka, jf. straffelovens § 195 første ledd andre straffalternativ og § 196 første ledd, jf. § 62. Han anka over bevisbedømminga under skyldspørsmålet for domfelling etter § 195 og over straffutmålinga og erstatningsavgjerda.

Han blei dømd på ny etter § 195, og straffutmålinga blei oppretthalden. Høgsterett forkasta anken over straffutmålinga. Det blei peika på den planmessige gjennomføringa av brotsverket mot § 195, som var dominerande ved straffutmålinga. Den dømde kom i kontakt med jenta via Internett, SMS-meldingar og mobiltelefonsamtalar som endte opp i avtale om å treffas. Han reiste så til X og tok inn på hotell. Den krenkte sneik seg ut av foreldreheimen midt på natta og blei med opp i hotellrommet til den dømde, der han hadde to fullførte samleie med henne - utan effektiv prevensjon. Uttalt at det skal svært mykje til før det i det heile teke kan etableras eit forhold mellom ein 25 årig mann og ei jente under 13 år, som kan tenkjas å vere formildande dersom han forgrip seg seksuelt på henne. Høgsterett peika vidare på at samleia fann stad kort etter lovendringa av 11. august 2000, som føresette at ei straff av lengda til minstestraffa til vanleg skal utmålas som ei fengselsstraff utan vilkår, og at det berre unntaksvis kan vere tale om å bøte på urimelege resultat av ei minstestraff med ein deldom. I dette tilfellet ville det stride mot føresetnaden for straffskjerpinga å gjere nokon del av minstestraffa på vilkår, ei minstestraff som for øvrig innebar ei monaleg skjerping i forhold til det straffenivået som følgde av tidlegare praksis.
Til toppen