Eldpåsetjing - tidsfastsett straff/forvaring

03.11.2005, HR-2005-01727-A, (sak nr. 2005/894)m straffesak, anke
Straffelova § 148 første ledd første straffalternativ
Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Jan Hoel) mot A (advokat Gunnar K. Hagen)

Rt-2005-1442

Utgård, Stang Lund, Flock, Kaasen og justitiarius Schei

Saka gjaldt spørsmålet om det skulle givast forvaring etter domfelling mellom anna for eldspåsetjing som lett kunne føre til tap av menneskeliv, jf. straffelova § 148 første ledd første straffalternativ. Det sentrale ved vurderinga var ei handlingsrekkje kvelden og natta 24. til 25. april 2004. Han tende då på fem stader, først to gonger - i vaskekjellaren og litt seinare i eiga leilegheit - i huset der han budde. Deretter blotta han seg for ein kvinneleg tilsett i ein kiosk. Han tende også på noko rusk i ein kjellar, der elden slokna fordi den ikkje kom i kontakt med anna brennbart materiale. Seinare tende han på i ein kjellar i eit hus, der ein person låg og sov. Endeleg tende han på under eit tilbygd inngangsparti i eit hus der det var fleire husvære, og der det vart gjort store materielle skadar, men der det under tvil var lagt til grunn at det ikkje hadde vore fare for tap av menneskeliv. - Domfellinga gjaldt også eit skadeverk ved øydelegging av inventar på eit psykiatrisk senter ein månad tidlegare.

Tingretten hadde gitt dom på forvaring med ei tidsramme på fire år og ei minstetid på to år. Lagmannsretten kom under dissens til at det ikkje var grunn til forvaring og fastsette ei straff av fengsel i tre år og seks månader. Høgsterett forkasta anken frå påtalemakta. Det var ikkje tvilsamt at den dømde var funnen skuldig i eit alvorleg brotsverk, jf. straffelova § 39 c nr.1, og at vilkåra for bruk av forvaring så langt var oppfylte. Spørsmålet var då om det var tilstrekkeleg kvalifisert og reell fare for nye strafflagde handlingar. Høgsterett kom til at det ikkje var tilfelle. Den dømde, som er fødd i 1964, hadde tre dommar for vinningskriminalitet av mindre omfang, men det var på 1980-talet. Han hadde dessutan ein dom på fengsel i 30 dagar på vilkår for truslar - i 2001 - mot ein pleiar. Sett i lys av at han hadde hatt psykiske problem og alkoholproblem sidan han var ganske ung, og at han alt i 1993 hadde fått ein diagnose som langt på veg samsvara med den han fekk no, gav dette ikkje tilstrekkeleg grunnlag til forvaring. Høgsterett viste også til at den lange fengselsstraffa i seg sjølv kunne redusere bruken for å nytte forvaring, og at behovet for forvaring må vurderast mot det maksimale samfunnsvernet bruk av tidsfastsett straff kan gi.

Les heile avgjerda

Til toppen