Oppreising ved lekamsskade påførd nærståande

21.12.2005, HR-2005-01999-A, (sak nr. 2005/814), sivil sak, anke
Skadeserstatningsloven § 3-5
A (advokat Thor Harald Eike) mot B (advokat Odd Arild Helland)

Rt-2005-1749

Flock, Skoghøy, Rieber-Mohn, Coward og Gussgard

B og A var sambuarar i ca. 2 år. B vart dømd til fengsel i 10 månader fordi han ved to høve hadde påført A lekamsskade ved slag mot hovudet, og ved eit tredje høve lekamsfornærming. A fekk 100 000 kroner i oppreising i tingretten. Summen vart sett ned til 25 000 kroner i lagmannsretten. A anka til Høgsterett over fastsetjinga av oppreisingssummen.

Oppreisning ved legemsskade påført nærstående. B og A var samboere i ca. 2 år. B ble dømt til fengsel i 10 måneder for ved to anledninger å ha påført A legemsskade ved slag mot hodet, og ved en tredje anledning legemsfornærmelse. A fikk 100 000 kroner i oppreisning i tingretten. Beløpet ble redusert til 25 000 kroner i lagmannsretten. A anket til Høyesterett over fastsettelsen av oppreisningsbeløpet. Høyesteretts flertall, 4 dommere, fant ikke å kunne fastsette en norm for utmåling av oppreisning for vold i nære relasjoner. De kroner 100 000 som tidligere er fastsatt som norm for oppreisning i voldtektssaker, måtte kunne tillegges en viss vekt ved vurderingen av nivået. Straffutmålingen vil i stor grad gjenspeile de momenter som også er av betydning ved vurderingen av oppreisningen, og vil dermed kunne gi en grov antydning av nivået. Det kunne være grunn til å heve oppreisningsbeløpene noe ved alvorlig vold mot nærstående. Beløpet ble følgelig satt til kr 40 000. Fleirtalet i Høgsterett, 4 dommarar, såg seg ikkje syn med å fastsetja ei norm for utmåling av oppreising for vald i nære relasjonar. Men dei meinte at ein måtte kunna leggja ei viss vekt på at det før er fastsett 100 000 kroner som norm for oppreising i valdtektssaker. Straffutmålinga vil i stor grad spegla dei momenta som òg spelar ei rolle for vurderinga av oppreisinga, og kan dermed gje ein grov peikepinn om nivået. Det kunne vera grunn til å heva oppreisingssummane noko ved alvorleg vald mot nærståande. Summen vart følgjeleg sett til kr 40 000. Mindretalet minte om det auka medvitet om skadeverknadene av vald i nære relasjonar, og viste til straffebodet som nyleg er vedteke mot slik vald - straffelova § 219 - og til at justiskomiteen i Stortinget gong på gong har ytra ynske om at oppreisingssummane til valdsoffer bør aukast. Dei meinte at oppreisingsnivået måtte hevast monaleg på grunnlag av dette. Mindretalet røysta for at oppreisingssummen vart sett til kr 70 000.

Les heile avgjerda

Til toppen