Narkotika - straffutmåling

26.01.2005, HR.-2005-00132-A, (sak nr. 2004/1646), straffesak, anke
straffeloven § 162
A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta
Skoghøy, Støle, Flock, Rieber-Mohn, Gussgard

Saka galdt straffutmåling for overtaking av litt hasj og ca. tre gram amfetamin. A var tidlegare straffedømd til saman 19 gonger - i det vesentlege for vinnings- og narkotikakriminalitet. Han var avhengig av narkotika, og det aktuelle brotsverket var gjort åtte dagar etter at han var lauslaten på prøve etter soning av førre dom. Tingretten fastsette straffa til fengsel i 30 dagar, mens lagmannsretten hadde fastsett straffa til fengsel i 14 dagar.

Under dissens (3 mot 2) forkasta Høgsterett anken til den dømde. Det låg ikkje føre nokon rehabiliteringssituasjon, og dommarane var samde om at valet stod mellom bot og fengsel utan vilkår. Fleirtalet fann det lite føremålstenleg å reagere med bot. Det ville etter synet til fleirtalet kunne stimulere til meir vinningskriminalitet. Alternativt ville ei bøtestraff lett føre til at den subsidiære fengselsstraffa måtte fullendas. Det blei også vist til at det av allmennpreventive grunnar er uheldig om narkotikamisbrukares overtaking av narkotika til eigen bruk berre skal sanksjoneras med bot. Narkotikamisbruk kostar årleg svært mykje i form av øydelagde liv for dei narkomane sjølv og deira pårørande og monalege tap for dei som er offer for den vinningskriminaliteten som skjer for å finansiere misbruken. På dette grunnlaget fann fleirtalet at den straffa lagmannsretten hadde fastsett, var høveleg. Mindretalet fann at korkje individualpreventive omsyn eller omsynet til den alminnelege lovlydnaden kunne grunngi fengsel utan vilkår overfor denne gruppa narkomane. Dersom den subsidiære fengselsstraffa skulle komme til fullbyrding, vil det regelmessig vere tale om nokre få dagars fridomstap, mens det ved dom på fengsel utan vilkår ikkje kan dømmas til lægre straff enn fengsel i 14 dagar. Mindretalet røysta difor for å setje straffa til ei bot på kr 2 500, som skulle reknas som uthalden ved varetektsfrådrag på tre dagar.
Til toppen