Seksuell omgang med barn - straffutmåling

26.01.2005, HR-2005-00130-A, (sak nr. 2004/1621), straffesak, anke
straffeloven § 195
A (advokat Odd Rune Torstrup) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Rune Høgberg)
Flock, Rieber-Mohn, Støle, Skoghøy, Gussgard

Ein ungdom på 17 år og 9 månader hadde hatt samleie med ei jente som mangla nokre få dagar på å vere 13 år. I tingretten galdt domfellinga straffeloven § 195 første ledd første straffalternativ - seksuell omgang utan samleie - og straffa blei der målt ut til fengsel i 9 månader. I lagmannsretten blei den dømde funnen skyldig i brot på straffeloven § 195 første ledd andre straffalternativ, og straffa blei sett til fengsel i 2 år, av dei eitt år utan vilkår.

For Høgsterett galdt spørsmålet straffutmålinga, der det sentrale punktet var kva for utslag det skulle gi at den dømde berre var 17 år og 9 månader på gjerningstidspunktet. Fleirtalet - 4 dommarar - uttala at ei høveleg straff ville ha vore fengsel utan vilkår i overkant av 2 år dersom den dømde hadde vore ein vaksen mann, og at den straffa som var målt ut i lagmannsretten, ikkje var for streng. Etter dette blei anken forkasta. Mindretalet røysta for ei straff av fengsel i 1 år og 6 månader, av det skulle 1 år gjeras på vilkår. Som følgje av venta prøvelauslating på den delen av straffa som ikkje var på vilkår, ville det neppe bli aktuelt med gjeninnsetjing i fengsel, sidan den dømde hadde uthalde 109 dagar i varetekt.
Til toppen