Grovt skadeverk, valda ved eldspåsetjing med meir

22.12.2005, HR-2005-02004-A, (sak nr. 2005/1555), straffesak, anke
Straffelova §292 jf. § 291
A (advokat Anders Brosveet) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Arnfinn Hval)

Rt-2005-1726

Flock, Bruzelius, Kaasen, Stabel og Lund

A vart i tingretten dømd til fengsel i 2 år og ti månader for grovt skadeverk, forsøk på grovt skadeverk, forsikringsbedrageri, forsøk på forsikringsbedrageri, trygdesvik m.m. Straffutmålinga vart ikkje endra i lagmannsretten. Høgsterett behandla anken over straffutmålinga.

I samsvar med begge partane sitt syn la Høgsterett til grunn at skaden etter eldspåsetjinga utgjorde ca. 2,2 millionar kr. Dei tidlegare rettane hadde vist til den utbetalte forsikringssummen og operert med ein monaleg høgare sum. Domfelte sitt motiv var økonomisk. Ved straffutmålinga vart det lagt vekt på at han i dei to siste månadene før brannen i alt fire gonger hadde freista å setja fyr på bygningen med til dels ulike framgangsmåtar. Han hadde dermed i kvalifisert grad vist eit fast forsett om å gjennomføra det han hadde sett seg føre. Straffa for det grove skadeverket og dei fire forsøka kombinert med forsikringssvik ville åleine ha gjeve ei straff på rundt rekna eitt og trekvart års fengsel. I tillegg kom eit tidlegare forsikringssvik og eit trygdesvik. Samla vart straffa sett til fengsel i 2 år.

Les heile avgjerda

Til toppen