Haugesundsdrapet - straffutmåling

01.02.2005, HR-2005-00171-A, (sak nr. 2004/1648), straffesak, anke
straffeloven § 233 og straffeloven § 268
A (advokat Erling O. Lyngtveit) og B (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta

Rt-2005-83

Støle, Skoghøy, Flock, Rieber-Mohn, Gussgard

Saka galdt utmåling av straff for to tiltala som var dømde høvesvis for drap og grovt ran, og grovt ran med dødsfølgje. Dei dømde braut seg inn i bustaden til den krenkte, som var 83 ½ år gammal. Innbrotet skjedde med vinningsføremål. Den krenkte låg og sov i senga si, men vakna da A kom inn i soverommet hennar. Ho blei brutalt slegen i hel med ei øks som de to hadde teke frå ein bod i eit nabohus.

Da B kom til, var den krenkte døyande som følgje av ei rekkje øksehogg frå A, retta mot blant anna hovud- og nakkeregionen. Etter valdsutøvinga heldt begge fram med å gjennomsøke bustaden og tok med seg ein mindre kontantsum, smykke og stereoanleg. I tingretten blei straffa for dei to sett til fengsel i høvesvis 16 og 9 år. Lagmannsretten sette straffa for A til 18 år og for B til 8 år. For B blei dommen gjeven under dissens, idet to av meddommarane røysta for fengsel i 9 år, og dei to øvrige meddommarane for fengsel i 7 år. Dei dømde anka over straffutmålinga. Høgsterett forkasta anken frå A, men sette straffa for B til fengsel i 5 år. For A blei det lagt vekt på at drapet blei utført både for å skjule og for å lette ranet, og det låg føre særs skjerpande omstende. For B blei det lagt vekt på det noko spesielle grunnlaget for at han var påført ansvar for ranet - med lægste grad av forsett - og for dødsfølgja. Normalsituasjonen i rettspraksis ved domfelling etter straffeloven § 268 tredje ledd låg ikkje føre her; dødsfølgja var uforsettleg for B, som sjølv ikkje nytta vald.

Les heile avgjerda

Til toppen