Reaksjonsfastsetjing andsynes ung lovbrytar - spørsmål om å dømma til forvaring

17.03.2005, HR-2005-00433-A, (sak nr. 2004/1871), straffesak, anke
straffeloven § 39 c nr. 1
A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Erik Erland Holmen)

Rt-2005-301

Støle, Utgård, Oftedal Broch, Bruzelius, Schei

A, fødd 11. mars 1983, var domfelt for grov lekamsskading og trugsmål. Han hadde i sterk narkotikarus stukke ein av dei krenkte med kniv i ryggen slik at venstre lunga vart skadd. Det oppstod kraftig bløding, og skaden var livstrugande. Han hadde deretter sprunge etter den andre krenkte og truga vedkomande på livet og så hogge kniven fleire gonger i døra inn til eit rom der den forfølgde hadde søkt tilflukt.

Tingretten sette straffa til fengsel i tre år. Etter anke frå påtalemakta vart A av lagmannsretten dømd til forvaring med ei tidsramme på seks år og ei minstetid på fire år. Det vart lagt vesentleg vekt på at A var straffedømd mange gonger tidlegare for alvorleg valdskriminalitet, at knivstikkinga nær hadde kosta to andre krenkte livet, og det var ein klår samanheng mellom narkotikabruk og rus som følgje av det og valdskriminaliteten. Høgsterett fann at vilkåra for forvaring var oppfylte - mellom anna at ei tidsavgrensa fengselsstraff ikkje ville vera nok til å verna samfunnet. A hadde ikke fylt 18 år då han gjorde seg skuldig i dei svært alvorlege straffbare handlingane som låg til grunn for dei tidlegare dommane, og han hadde enno ikkje fylt 21 år då han gjorde dei handlingane som no var oppe til dom. Slik tilhøva elles var, kunne det likevel ikkje leggjast avgjerande vekt på at den tiltala var så ung. Men tidsramma og minstetida vart nedsette til høvesvis fem og to år og ni månader.

Les heile avgjerda

Til toppen