Straffutmåling ved narkotikabrotsverk

17.03.2005, HR-2005-00436-A, (sak nr. 2004/1749 og sak nr. 2004/1754), straffesaker, anker
straffeloven § 162 første og tredje ledd
A (advokat John Christian Elden) og B (advokat Gunnar K. Hagen) mot Den offentlege påtalemakta

Rt-2005-314

Utgård, Oftedal Broch, Bruzelius, Støle, Schei

A hadde - då han kom til Oslo frå Tyskland via Göteborg - med seg 1200 gram heroin med styrkegrad 16 prosent, 196 gram kokain med styrkegrad 76 prosent og 10 gram blanding av heroin og kokain. Stoffet var gøymt i to par sko. Ved straffutmålinga vart det bygd på mengda heroin, og kokainen vart vurdert på linje med om det hadde vore ei ekstra mengde heroin med tilsvarande skadepotensiale. A var kurer men hadde tidlegare vore i Oslo for å tilretteleggje. Så langt vart det lagt til grunn ei straff av fengsel i sju år eller noko under det.

A vart gripen med narkotikaen på seg. Han tilstod straks og sa at dette var heroin. Han sa også at noko av stoffet kunne vere kokain. Dette heldt han fast ved heile vegen. Høgsterett uttala at narkotikasaker ofte blir oppklara ved at det blir funne narkotika, ofte i tilknyting til personar. Det avgjerande spørsmålet vil vere subjektiv skuld. Her vil ei tilståing vere viktig for bevisvurderinga. Ei slik tilståing har også ei prosessøkonomisk side. Det vart gitt eit frådrag i straffa for tilståinga med eitt og eit halvt år. Det vart også gitt frådrag for at A samarbeidde med politiet slik at mottakaren kunne pågripast. Straffa vart etter dette sett til fengsel i fire år og ni månader. Ein bil som A hadde brukt ved transporten men sett frå seg i Göteborg, kunne ikkje inndragast, då den ikkje hadde vore "brukt" til ei handling som er strafflagd etter norsk rett, jf. straffelova § 35 andre ledd. A er ikkje norsk borgar eller heimehøyrande her. Mottakaren B vart domfelt for forsøk på mottak til oppbevaring av eit kvantum på 15-20 gram heroin. Høgsterett la til grunn at avgrensinga til dette kvantumet, skjedde ut frå lagmannsretten si vurdering av bevisa i saka. Det kunne då ikkje takast omsyn til at det objektivt sett var tale om eit større kvantum. Heller ikkje kunne det leggjast vekt på aktløyse med omsyn til overskytande kvantum, då forsøk på aktlaus oppbevaring av narkotika ikkje er strafflagd, jf. straffelova § 49. Ut frå kvantumet og B si rolle i saka, sette Høgsterett straffa til fengsel i eitt år og to månader.

Les heile avgjerda

Til toppen