Grovt narkotikabrotsverk - sal av amfetamin - straffutmåling (samfunnsstraff)

18.03.2005, HR-2005-00446-A, (sak nr. 2005/120), straffesak, anke
straffeloven § 162, 1. og 2. ledd, jf. 5. ledd
A (advokat Arne Meltvedt) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Jostein Johannessen)

Rt-2005-343

Flock, Bruzelius, Øie, Stabel, Gussgard

A vart i tingretten dømd til fengsel i eitt år, av det ni månader på vilkår, for sal av 100 gram amfetamin og for kjøp, oppbevaring og sal av rohypnoltablettar. Lagmannsretten sette den vilkårslause delen av straffa ned til 45 dagar.

Etter anke frå A fastsette Høgsterett straffa til samfunnsstraff i 300 timar, subsidiært ti månaders fengsel. Det vart lagt avgjerande vekt på at saka var ferdig etterforska hausten 2001, og at det ikkje vart teke ut tiltale før om lag to og eit halvt år seinare, i april 2004. A, som var 19 år på gjerningstidspunktet, var tidlegare ustraffa. Han hadde seinare skikka seg vel og var i full gang med høgare utdanning. Jamvel om det i dette tilfellet ikkje var tale om noka rehabilitering, verka soning av ein kortvarig del av ei fengselsstraff nesten fire år etter pågripinga lite føremålstenleg. At den individualpreventive verknaden av samfunsstraffa i dette tilfellet spela mindre rolle, var ikkje til hinder for å bruka denne reaksjonsforma når tilhøva elles låg til rette for det.

Les heile avgjerda

Til toppen