Spørsmål om inhabilitet for meddommar

31.03.2005, HR-2005-00490-A, (sak nr. 2005/32), straffesak, anke
domstollova § 108
A (advokat Erling O. Lyngtveit) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Pål S. Berg)

Rt-2005-365

Utgård, Coward, Flock, Stabel, Lund

A var tiltala ved Oslo tingrett for utbytteheleri, og i den samanhengen også mellom anna for brot på rekneskaps- og likningslovgivingane. Statsautorisert revisor B vart oppnemnd som fagkunnig meddommar. A vart frifunnen, med unntak av postar som gjaldt rekneskapslovgiving og å ha gitt urette opplysningar til offentleg styresmakt.

Påtalemakta anka delar av dommen til lagmannsretten, og gjorde då - med grunnlag i nye opplysningar - mellom anna gjeldande at B hadde vore inhabil fordi han sjølv hadde vore mistenkt for strafflagde handlingar. Lagmannsretten tok ut habilitetsspørsmålet til særskild behandling, og kom til at B hadde vore inhabil. A påkjærte avgjerda til Høgsterett, som tok kjæremålet til følgje. B hadde ikkje vore sikta slik at reglane i domstollova § 91 ikkje var til hinder for tenestegjering. Høgsterett kom til at B ikkje hadde vore inhabil etter domstollova § 108. Ved avhøyra var det uklart i kva grad han var behandla som vitne eller som mistenkt. I det tilfellet der han klart var behandla som mistenkt, var saka lagd bort før tingretten behandla A-saka. Høgsterett uttala at det ved vurderinga av habilitet etter domstollova § 108 ikkje kan vere avgjerande om ein medddommar skulle vore forbigått etter § 91 eller ikkje . Ein mistanke kan gi grunnlag for inhabilitet etter § 108 dersom mistanken er skikka til å svekkje tilliten til habiliteten til meddommaran. Det kan han gjere dersom det er nær skyldskap mellom tilhøva i den saka meddommarvervet gjeld og dei spørsmåla mistanken gjeld. Ein mistanke som ikkje er klart konkretisert, vil det i alle tilfelle kunne vere vanskeleg å leggje vekt på. Høgsterett kom til at det her ikkje var slik nær skyldskap. Likskapen avgrensa seg til at det for begge var spørsmål om økonomisk kriminalitet utført av person med profesjonelle kvalifikasjonar.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen