Framgangsmåten når lagretten får utfyllande rettleiing

19.04.2005, HR-2005-00616-A, (sak nr. 2005/133), straffesak, anke
Straffeprosessloven § 370 annet ledd
Den offentlege påtalemakta (kst. førstestatsadvokat Berit Sagfossen) mot A (advokat Erling O. Lyngtveit)

Rt-2005-463

Mitsem, Stabel, Stang Lund, Bruzelius og Gjølstad

A vart i Oslo tingrett dømd til fengsel i fire år for lekamsskading, for ulovleg å ha valda fridomstap og for lekamskrenking. Etter anke vart han i Borgarting lagmannsrett frifunnen for å ha valda fridomstap, og straffa vart sett til fengsel i to år og tre månader.

Påtalemakta anka til Høgsterett over saksførehavinga i lagmannsretten. Anken galdt at lagretten - etter å ha trekt seg tilbake for å rådleggja - hadde bede rettsformannen om ei klårgjering med omsyn til korleis straffelova § 223 (ulovleg valding av fridomstap) skulle tolkast. Denne rettleiinga vart deretter gjeven av rettsformannen i rådleggingsrommet til lagretten, der han gav uttrykk for at det ikkje var nok at den krenkte var "truga på livet" til ikkje å forlata staden, sidan § 223 føreset ei fysisk hindring.

Fyrst etter at lagretten var komen tilbake til rettssalen for å lesa opp orskurden, vart partane orienterte om det som her hadde hendt. Anken frå påtalemakta førde fram. Høgsterett konstaterte at den utfyllande rettsutgreiinga burde ha vore gjeven i open rett, jf. straffeprosesslova § 370 andre leden fyrste punktum. Sidan det svaret rettsformannen gav, var unyansert i høve til Høgsteretts orskurd i Rt. 2002 side 1707, måtte saksførehavingsfeilen tilleggjast verknad, jf. straffeprosesslova § 343 fyrste leden.

Dommen i lagmannsretten med hovudforhandling vart oppheva så langt det galdt frifinninga for denne tiltaleposten.

Les heile avgjerda

Til toppen