Oppbevaring av narkotika - spørsmål om samfunnsstraff

20.04.2005, HR-2005-00629-A, (sak nr. 2005/153), straffesak, anke
Straffeloven § 162 første og andre ledd
A (advokat Mette Yvonne Larsen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Hans Jørgen Bender)

Rt-2005-478

Flock, Mitsem, Stabel, Tjomsland og Lund

A vart i tingretten dømd til fengsel i eitt år for oppbevaring av om lag sju kg hasjisj og om lag 60 gram kokain. Etter anke frå den domfelte over straffutmålinga fastsette lagmannsretten straffa til fengsel i eitt år, av dette åtte månader på vilkår.

Den domfelte anka til Høgsterett over straffutmålinga og gjorde gjeldande at det burde nyttast samfunnsstraff. Høgsterett peika på at straffa utan formildande straffutmålingsmoment ville ha lege på fengsel i to år, eller i overkant av det. Det vart vist til Rt. 2004 side 492, der Høgsterett i ei sak om oppbevaring av 460 gram amfetamin sa at det måtte liggja føre klåre og sterke rehabiliteringsomsyn eller andre særskilde tilhøve for å kunna dømma nokon til samfunnsstraff for eit så grovt narkotikabrotsverk. Tilsvarande måtte gjelda i denne saka. Vilkåra for å nytta samfunnsstraff var då ikkje oppfylte, og anken vart vraka.

Les heile avgjerda

Til toppen