Kjøpsrett

20.04.2005, HR-2005-00630-A, (sak nr. 2004/1619), sivil sak, anke
Kjøpsloven § 41 tredje ledd og § 65
IKM Testing AS (advokat Per Jan Selmer) mot A (advokat Preben Falck)

RT-2005-480

Tjomsland, Flock, Mitsem, Stabel og Lund

IKM Testing AS (IKM) bad i e-post 19. juli 2001 Tue Systems Ltd (TUE) om eit tilbod på ein Pig Spy 600, som er eit apparat som kontrollerer at pluggar ein sender gjennom oljeleidningar, verkeleg blir sende. TUE viste i e-post 23.juli 2001 IKM til den norske eineforhandlaren sin, ARC Teknikk AS. IKM tinga eit eksemplar derifrå og fekk det levert 24. juli 2001. Apparatet vart nytta som backup-apparat på eit oppdrag i Nordsjøen. ARC vart 23. juli 2001 teke under konkursførehaving. Varelageret og krava selskapet hadde, vart kjøpte av A (som hadde vore eineeigar av ARC).

I e-post 17. og 23 august 2001 fremja TUE krav andsynes IKM om eigedomsretten til det eksemplaret av Pig Spy 600 som selskapet hadde fått levert. Grunngjevinga for kravet var at eksemplaret var ein demonstrasjonsmodell som ARC ikkje hadde rett til å selja vidare. Det vart òg gjort gjeldande at det hefta faktiske manglar ved apparatet, og det vart opplyst at TUE ikkje ville gje nokon garanti på det.

Etter brevskifte mellom IKM og A heva IKM kjøpet. A nekta å godta grunnlaget for hevinga og gjekk til sak med krav om å få kjøpesummen betalt. IKM vart frifunne av tingretten, men vart i lagmannsretten dømt til å betala kjøpesummen. Høgsterett kom - i motsetning til lagmannsretten - til at IKM ikkje burde oppfatta TUEs krav på eigedomsretten som "klårt grunnlaust", jf. kjøpslova § 41 tredje leden.

Men Høgsterett fann at det låg føre eit vesentleg kontraktsbrot som gav hevingsrett, jf. kjøpslova § 39 fyrste leden. Heving var det einaste alternativet IKM hadde til å koma seg ut or konflikten mellom seljaren og TUE. A kravde subsidiært vederlag for at IKM hadde brukt apparatet, jf. kjøpslova § 65. Høgsterett fann at føresegna i kjøpslova § 65 òg kunne nyttast i eit tilfelle som dette. Avkastingsalternativet var ikkje aktuelt.

Høgsterett såg det slik IKM hadde hatt vesentleg nytte av apparatet, men kor stor den økonomiske føremonen hadde vore, var lite klårlagt, og det same galdt verdireduksjonen på apparatet. Vederlaget vart etter skjøn sett til kr 20 000. A vart dømd til å svara sakskostnader for alle instansar.

Les heile avgjerda

Til toppen