Fastsetjing av uføretidspunkt

27.04.2005, HR-2005-00664-A, (sak nr. 2005/109), sivil sak, anke
folketrygdlova § 12-10
Staten v/Rikstrygdeverket (Regj.adv. v/advokat Christian H P Reusch) mot Tor Øverland (advokat Henrik Grønhaug)

Rt-2005-548

Utgård, Tjomsland, Stang Lund, Øie, Gjølstad

Saka gjaldt overprøving av avgjerd i Trygderetten. I denne avgjerda hadde Trygderetten ved forenkla orskurd forkasta ei anke frå Tor Øverland. Han hadde uføretrygd der virkningstidspunktet var sett til september 1997, som var tidspunktet for sjukmelding som direkte førte over i uføretrygd. Etter hans syn skulle uføretidspunktet vore ført tilbake til februar 1994, som var innleiinga til ein periode på om lag eitt og eit halvt år med sjukmelding og attføring. Frå oktober 1995 hadde han så vore i ordinært arbeid, men meinte at dette i realiteten var bedriftsintern attføring. På grunn av relativt høg lønn dei tre siste åra før 1994, ville slik tilbakeføring av uføretidspunktet gi høgare pensjon enn om uføretidspunktet skulle vere 1997.

Lagmannsretten kom under dissens til at uføretidspunktet måtte setjast tilbake til 1994. Denne dommen vart av Rikstrygdeverket anka til Høgsterett. Etter folketrygdlova § 12-10 første ledd er uføretidspunktet "det tidspunkt da et medlem fikk sin inntektsevne/arbeidsevne varig nedsatt med minst halvparten". I folketrygdlova § 12-7 er det nærare fastsett kva som må til for at inntektsevna skal vere nedsett med minst halvparten. Høgsterett kom til at det - i samsvar med ordlyden - rettsleg sett må vere avgjerande når inntektsevna er nedsett med minst halvparten. Dette kan ha følgjer for kva som er uføretidspunkt i tilfelle der den faktiske inntekta blir halden oppe trass i sjukdommen, men der dette skjer som følgje av hjelp frå arbeidskameratar eller velvilje frå arbeidsgivaren. Ein regel i folketrygdlova § 12-7 andre ledd tredje punktum om at det skal takast omsyn til "all inntekt", tek ut frå lovhistoria sikte på situasjonen for sjølvstendige næringsdrivande og gjeld ikkje for arbeidstakarar. Dette standpunktet var i samsvar med det synet Rikstrygdeverket sjølv hadde hatt fram til 1992, rett etter at det nye § 12-7 andre ledd tredje punktum hadde kome inn i lova. Men dette nye punktumet innebar ikkje ei endring her, og det gjorde heller ikkje den nye folketrygdlova. Praksis frå Trygderetten har også vore i samsvar med det synet Høgsterett her kom til. Høgsterett gav såleis Øverland medhald i lovforståinga. Når det gjaldt den konkrete vurderinga, kom Høgsterett til at 1997 likevel måtte bli ståande som uføretidspunkt. Øverland hadde vore rekna som frisk nok til å gå tilbake til arbeidet hausten 1995. Det var ikkje tvilsamt at han deretter hadde hatt støtte frå arbeidskameratane og at arbeidsgivaren hadde følgt han opp på ein god måte. Men det var ikkje dekning i bevisa for at Øverland, etter at han kom tilbake i arbeidet, ikkje kunne yte minst halvparten av arbeidsinnsatsen jamført med situasjonen før han vart sjuk i 1994. Anken frå Rikstrygdeverket førte etter dette fram.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen