Straffutmåling - valdtekt

27.04.2005, HR-2005-00665-A, (sak nr. 2005/252), straffesak, anke
straffelova § 192
A (advokat Erling O. Lyngtveit) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Lasse Qvigstad)

Rt-2005-556

Tjomsland, Stang Lund, Øie, Utgård, Gjølstad

A vart av lagmannsretten dømd til ei fengselsstraff på tre år og seks månader for forsøk på overfallsvaldtekt. Han hadde følgt etter ei 25 år gammal kvinne og freista å valdta henne då ho var i ferd med å låsa seg inn i husværet sitt.

Det kjem an på omstenda kor stort utslag det har ved straffutmålinga at dommen gjeld ei forsøkshandling. I denne saka hadde valdselementet i betydeleg grad vorte gjennomført, og skadeverknadene på den krenkte hadde difor vorte store. A var tidlegare dømd for ei fullførd valdtekt han hadde gjort seg skuldig i då han var 16 år og 9 månader. Lagmannsretten hadde feilaktig nytta straffelova § 192 tredje leden bokstav c. Retten hadde oversett at vilkåret for å nytta utvida strafferamme i gjentakingstilfelle er - etter § 61 andre leden - at den domfelte har fylt 18 år på tidspunktet for den tidlegare straffbare handlinga, og at dette også gjeld når skjerpa straff for gjentaking er fastsett i straffebodet, jf. § 61 andre leden fjerde punktum. Den tidlegare valdtekta var likevel eit klårt straffeskjerpande moment, men det fekk ikkje så stor verknad som om § 192 tredje leden bokstav c hadde vorte nytta. Høgsterett sa at det måtte reagerast strengt på eit så alvorleg seksuallovbrot, men kom likevel til at den straffa som lagmannsretten hadde fastsett, var i strengaste laget og fastsette straffa til fengsel i tre år.

Les heile avgjerda

Til toppen