Straffutmåling - seksuell omgang med born og fartsovertredelse

27.04.2005, HR-2005-00667-A, (sak nr. 2005/303), straffesak, anke
straffelova § 195 første ledd annet straffalternativ
A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Den offentlege påtalemakta

Rt-2005-564

Stang Lund, Øie, Utgård, Tjomsland, Gjølstad

Straffelova § 195 fyrste leden andre straffalternativet - spørsmål om samfunnsstraff ved seksuell omgang til samleie med barn under 14 år. A, fødd 8. august 1980, vart i tingretten dømd til fengsel i to år og éin månad for brot på straffelova § 195 fyrste leden andre straffalternativet, av dette eitt år og éin månad på vilkår. Han vart òg dømd for å ha køyrt i 127 km/t i ei skilta 80-kilometerssone. A anka skuldspørsmålet til lagmannsretten så langt det galdt domfellinga etter § 195. Anken vart seinare avgrensa til å gjelda straffutmålinga. Lagmannsretten heldt ved lag dommen i tingretten, men fastsette at eitt år og fire månader av fengselsstraffa skulle vera på vilkår. Tre dommarar kom til at anken måtte vrakast.

A anka straffutmålinga til Høgsterett og gjorde gjeldande at samfunnsstraff skulle nyttast sidan det låg føre ei tilståing utan atterhald. I alle høve var den utmålte straffa for streng. Høgsterett vraka anken. Den domfelte var kjend skuldig i tre tilfelle av seksuell omgang til samleie i mars-april 2002 då han var 21 år, med ei jente som på gjerningstidspunktet var 13 år og 10 månader. Høgsterett tok ikkje noko avgjort standpunkt til om tilståinga den domfelte hadde gjeve av dei faktiske tilhøva, i dette tilfellet kunne reknast som ei tilståing utan atterhald etter straffelova § 59 andre leden. Det var i alle høve ikkje grunnlag for å nytta samfunnsstraff for slike grove seksualovergrep. Omsynet til føremålet med straffa tilsa at gjerningsmannen måtte dømmast til fengsel utan vilkår når vedkomande er vaksen, jamvel om det skulle liggja føre ei tilståing utan atterhald. Å setja ned den vilkårslause delen av straffa var heller ikkje aktuelt. Ingen av partane hadde oppfatta tilhøvet slik at dei var kjærastar, og aldersskilnaden tilsa heller ikkje deldom. Når Høgsterett likevel under sterk tvil kom til at straffa A var dømd til, ikkje burde skjerpast, var det av di han hadde tilstått dei faktiske tilhøva, og på grunn av den alvorlege depressive lidinga hans. Den relativt lange tida frå overgrepa skjedde til saka vart avslutta i Høgsterett, kom i hovudsaka av at tilhøvet vart meldt til politiet vel åtte månader etter at overgrepa hadde skjedd.

Les heile avgjerda

Til toppen