Krav om å bli sett fri frå ein sikta som skulle sitja i fengsel til det var sagt

12.05.2005, HR-2005-00780-U, (sak nr. 2005/664), straffesak, KJÆREMÅL
Straffeprosesslova § 185 fyrste leden siste punktum
A (advokat Olle Nohlin) mot Den offentlege påtalemakta

Rt-2005-649

Bruzelius, Flock og Øie

A vart 15. desember 2004 dømd i Oslo tingrett til ei straff på fire år og seks månader for mellom anna tre valdtekter. A anka dommen. 7. april 2005 vart han sikta for brot på straffelova § 132 a fyrste leden bokstav b, og ut frå denne siktinga kravde påtalemakta at han skulle setjast i varetekt på grunn av tilbakefallsfare. Ved orskurd i Nord-Troms tingrett 8. april 2005, ein orskurd som vart halden ved lag av Hålogaland lagmannsrett 14. april, vart det fastsett at A skulle haldast i varetekt til ankeforhandlinga ved Borgarting lagmannsrett tok til 10. mai 2005.

Under ankeforhandlinga kravde A å bli sett fri. Borgarting lagmannsrett gav orskurd for at A kunne haldast i varetekt inntil det var sagt dom, med tilvising til straffeprosesslova § 185 fyrste leden siste punktum. Høgsteretts kjæremålsutval gjorde gjeldande at mykje kunne tala for at fengslingsfristen måtte reknast som ute då ankeforhandlinga tok til, og at det såleis var spørsmål om A kunne haldast i fengsel med heimel i § 185 fyrste leden siste punktum. Utvalet fann ikkje grunn til å ta endeleg standpunkt til dette. Utvalet fann derimot grunn til at orskurden måtte opphevast på eit anna grunnlag. Orskurden i Nord-Troms tingrett om å setja A i varetekt bygde på ei sikting som ikkje var del av ankeforhandlinga no. Straffeprosesslova § 185 fyrste leden siste punktum gjeld dei tilfella der det etter at ei hovudforhandling eller ankeforhandling har byrja, oppstår spørsmål om vidare varetektsfengsling for tilhøve som er emne for forhandlinga.

Les heile avgjerda

Til toppen