Avvising av krav om vegrett etter servituttlova § 8 andre leden

29.06.2005, HR-2005-01052-A, (sak nr. 2004/1814), sivil sak, kjæremål
Servituttlova § 8 andre leden
Ragnar og Kirsten Gundersen (advokat Per Lykke) mot Halvor Lognvik (advokat Olav Felland)

Rt-2005-915

Flock, Øie, Skoghøy, Stang Lund, Aasland

Lognvik hadde kravt lensmannsskjøn for "omskiping" eller "avskiping" etter servituttlova §§ 5, 6 og 7 av vegrett over eigedomen sin. Lensmannen avviste kravet med tilvising til servituttlova § 8 andre leden. Avgjerda var grunngjeven med at jordskifteretten kort tid i førevegen hadde handsama det same spørsmålet. Etter klage gav tingretten orskurd om at skjønet skulle fremjast. Lagmannsretten stadfeste orskurden frå tingretten. Høgesteretts kjæremålsutval vedtok at kjæremål frå eigarane av ein av eigedomane med bruksrett skulle avgjerast av Høgsterett i avdeling.

Lagmannsretten hadde kome til at servituttlova § 8 andre leden måtte tolkast etter ordlyden. Dersom jordskifteretten hadde nekta å endra eit servitutt, ville det følgjeleg ikkje stengja for eit etterfølgjande krav om "omskiping" etter servituttlova. Høgsterett kom samrøystes til at dette var ei korrekt lovtolking. Slik § 8 andre leden lyder, er det såleis berre positive avgjerder som utløyser ventefristen.

Les heile avgjerda

Til toppen