Barnepornografi - straffutmåling

29.06.2005, HR-2005-01053-A, (sak nr. 2005/337), straffesak, anke
straffelova § 204 fyrste leden bokstav d
Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Jørn Sigurd Maurud) mot A (advokat John Christian Elden)

Rt-2005-919

Stang Lund, Flock, Øie, Skoghøy, Aasland

A vart i tingretten dømd til samfunnsstraff i 300 timar for innehav av om lag 9000 bilete og om lag 130 filmfilar med barnepornografi og for å ha overlate dette tilfanget til andre. Anken frå påtalemakta til Borgarting lagmannsrett med krav om skjerping av straffa vart vraka.

Straffelova § 204 fyrste leden bokstav d - spørsmål om samfunnsteneste etter grovt brot på straffeføresegna mot barnepornografi.

Etter vidare anke frå påtalemakta fastsette Høgsterett straffa til fengsel i sju månader, av dette fem månader på vilkår. Utgangspunktet ved eit så grovt brot på straffelova § 204 bokstav d måtte etter avgjerdene i Rt. 2002 side 1187 og Rt. 2003 side 1091 vera ei lengre fengselsstraff utan vilkår. Sterke allmennpreventive omsyn tala mot å dømma vedkomande til ein reaksjon i fridom. Samfunnsteneste, og no samfunnsstraff, bør berre nyttast i heilt særskilde tilfelle etter grove brot. Tida som var gått frå saka vart meld fram til endeleg dom, var noko over tre år og fire månader, og det førde til at berre ein del av straffa vart vilkårslaus, jf. dei nemnde avgjerdene.

Høgsterett gjorde gjeldande at det er uheldig at etterforskinga og pådømminga av saker om grove brot på straffeføresegnene mot barnepornografi tek så lang tid at det verkar inn på straffutmålinga.

Les heile avgjerda

Til toppen