Ran - straffutmåling

30.06.2005, HR-2005-01069-A, (sak nr. 2005/440), straffesak, anke
straffelova § 39 nr. 1
A (advokat Arild Dyngeland) mot Den offentlege påtalemakta (ass. riksadvokat Hans-Petter Jahre)

Rt-2005-941

Flock, Lund, Tjomsland, Bruzelius, Aasland

Saka galdt forvaring etter straffelova § 39 nr. 1 for medverknad til brot på straffelova § 229 fyrste straffalternativet, jf. § 232, som del av ein freistnad på ran retta mot ei 68 år gammal kvinne i heimen hennar. A hadde saman med ein annan mann freista å rana ei eldre kvinne i heimen hennar i Bergen. Kameraten til A slo den krenkte i hovudet med ein om lag 1,2 kg tung stein, og A leita deretter etter pengar, utan å finna noko. Ranet vart avbrote ved at grannar kom til.

A vart i tingretten og lagmannsretten mellom anna dømd for freistnad på grovt ran og for brot på straffelova § 229 fyrste straffalternativet, jf. § 232, sidan også lekamsskadinga høyrde med til forsettet. Han vart i båe instansane dømd til forvaring i fem år. Minstetida vart i lagmannsretten sett til to år. A anka til Høgsterett, men anken vart vraka med fire røyster mot éi. Alle dommarane kom til at medverknaden til ransforsøket og lekamsskadinga oppfylte det fyrste vilkåret i § 39 c nr. 1. Fleirtalet i retten fann etter ei vurdering av dei tidlegare straffene A hadde fått - han var mellom anna tidlegare dømd som gjerningsmann i ei nokolunde tilsvarande sak - og situasjonen hans som sosialt nedkøyrd alkoholikar, at også vilkåret om fare for gjentaking var oppfylt. Mindretalet peika på at det ranet som han tidlegare hadde gjort seg skyldig i, låg langt tilbake i tid, og at han etter 1998, då han slapp ut frå sikring i institusjon, ikkje var domfelt for alvorlege valdshandlingar bortsett frå i denne saka. Mindretalet røysta for ei straff på fengsel i to år og seks månader.

Les heile avgjerda

Til toppen