Tap av førerett i eit tilfelle der førarkortet ikkje var beslaglagt

31.08.2005, HR-2005-01377-A, (sak nr. 2005/360), straffesak, anke
vegrafikklova § 31 første - tredje leden, jf. § 22 første leden
A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Erik Erland Holmen)

Rt-2005-1041

Coward, Rieber-Mohn, Stabel, Bruzelius, Schei

A var dømd for å ha køyrt lastebil medan han var påverka av amfetamin. Køyringa resulterte i eit uhell. I strid med vanleg praksis vart førarkortet ikkje beslaglagt etter køyringa.

Tingretten dømde han til fengsel på vilkår i 18 dagar og dessutan til tap av føreretten i eitt år, som er minsteperioden etter vegtrafikklova § 33 nr.1 andre leden, likevel slik at sjette leden i føresegna gjev høve til å gå lågare mellom anna når det ligg føre "helt spesielle grunner". Etter tapsforskrifta § 3-2 nr. 2, jf. § 3-6, er tapsperioden normalt 20-22 månader ved køyring med ein påverknadsgrad som i As tilfelle. Etter forskrifta § 4-1 skal det likevel leggjast vekt på at førarkortet ikkje har vore beslaglagt, så framt føraren ikkje kan klandrast for det. A anka til lagmannsretten over tapet av føreretten, men anken førde ikkje fram.

Det gjorde heller ikkje anken hans til Høgesterett, der han viste til § 33 nr. 1 sjette leden og gjorde gjeldande at tapet av føreretten burde falla bort, subsidiært at tapsperioden burde setjast ned. Høgsterett sa at den tapsperioden lagmannsretten hadde fastsett, i alle høve ikkje var for lang. At førarkortet ikkje var beslaglagt, var tillagt vekt ved at tapsperioden var sett langt kortare enn etter normalregelen i forskrifta, og tilhøvet kunne ikkje koma inn under dei "helt spesielle grunner" som gjev høve til å gå under den minstetida lova fastset.

Det same var klårt tilfellet for det tilhøvet at A arbeidde som sjåfør og ville bli oppdagd dersom han miste føreretten.

Les heile avgjerda

Til toppen