Tap av rett til å føra motorvogn når politiet ikkje hadde beslaglagt førarkortet

31.08.2005, HR-2005-01378-A, (sak nr. 2005/415), straffesak, anke
vegtrafikklova § 31 første leden, jf. § 17 andre leden
A (advokat Gunnar K. Hagen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Erik Erland Holmen)

Rt-2005-1044

Stabel, Bruzelius, Coward, Rieber-Mohn, Schei

A vart dømd for overlatingsmedverknad til køyring i alkoholpåverka tilstand. I tingretten vart han dømd til tap av førerett og forbod mot å køyra førarkortfri motorvogn i 19 månader. Han anka til lagmannsretten, som reduserte tapsperioden til tolv månader. Anken hans til Høgsterett førde ikkje fram.

Køyringa skjedde i mars 2004. Kameraten som køyrde bilen, hadde drukke ei halv flaske brennevin før køyringa og hadde ikkje førarkort. A var klar over dette og sat i førarsetet [framsetet?] ved sida av han under køyringa. Kameraten vart dømd til ein sperrefrist for førerett i 22 månader.

Høgsterett fann at dette var eit rimeleg utgangspunkt for A òg. Det at han var avhengig av førarkort i yrket sitt, vart ikkje tillagt vekt. At førarkortet ved ei forsøming som han ikkje kunne klandrast for, ikkje vart beslaglagt etter køyringa, gav ikkje grunn til ytterlegare reduksjon. Han kunne sjølv i ein viss grad lastast for at det var gått så pass lang tid, og var så seint som i november 2003 bøtelagd for eit brot på vegtrafikklova som ikkje var bagatellmessig.

Les heile avgjerda

Til toppen