Saka galdt om det i rettsutgreiinga til lagretten i ei narkotikasak var nemnt feil provkrav.

21.10.2005, HR-2005-01664-A, (sak nr. 2005/709), straffesak, anke
Straffelova § 162 første og tredje ledd, §162 første og annet ledd jf. femte ledd
A (advokat Harald Stabell) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Lasse Qvigstad)

Rt-2005-1353

Øie, Rieber-Mohn, Stang Lund, Matningsdal og Tjomsland

A var dømd for medverknad til innførsel av om lag 3,8 kg heroin frå Tyrkia til Tyskland. Saka hadde opphav i eit større sakskompleks der fleire personar var dømde i Sverige og Tyskland for narkotikabrotsverk i fleire land. Svensk påtalemakt, som med omsyn til A hadde overført saka til Noreg, hadde lagt til grunn at A hadde medverka til fem transportar av narkotika.

Norsk påtalemakt tok berre ut tiltale for den siste av transportane. Hovudspørsmålet for lagmannsretten var om A hadde hatt forsett i høve til det omstendet at det galdt narkotika. Under provføringa vart eitt av tilhøva som det ikkje var teke ut tiltale for, drege inn. Frå rettsutgreiinga vart mellom anna dette protokollert:

"For å svare ja må dere være overbevist om at tiltalte er skyldig i de forhold tiltalen gjelder. I forhold til spørsmål 1 må dere f eks være overbevist om at tiltalte er skyldig i innførsel av narkotika 21. juli 2000. Det er ikke noe krav om at dere skal være overbevist f eks om at tiltalte medvirket til innførsel av kokain fra Madrid til Sverige 13/14 juli 2000, slik man kanskje kunne få inntrykk av under forsvarerens prosedyre. Dette forholdet er han ikke tiltalt for. Ein annen ting er jo at bedømmelsen av dette siste vil kunne ha vesentlig betydning i forhold til vurderingen av spørsmål 1 på spørsmålsarket." Forsvararen la til grunn at når eit straffbart tilhøve som ikkje er teke med i tiltalen, kan få vesentleg vekt for spørsmålet om den tiltala hadde hatt forsett, må kravet om at all rimeleg tvil skal koma den tiltala til gode, gjelda for dette tilhøvet òg. Slik forsvararen såg det, hadde rettsformannen formulert seg på ein slik måte at det kunne gje inntrykk av at tvilsprinsippet skulle setjast til side.

Høgsterett gjorde gjeldande at det ikkje var grunnlag for å nekta provføring om det straffbare tilhøvet som ikkje var teke med i tiltalen. Dermed måtte ein etter omstenda kunna leggja vesentleg vekt på dette momentet òg. Prinsippet om at all rimeleg og fornuftig tvil skal koma den tiltala til gode, gjeld for sjølve provresultatet. Vurderinga av prova byggjer ofte på ei vurdering av fleire moment som kvar for seg kan ha ulik provstyrke. Det krevst ikkje at kvart einskilt moment skal vera prova ut over all rimeleg tvil, så lenge det etter ei samla vurdering ikkje er rimeleg tvil om resultatet. Dette måtte òg gjelda når eit mogleg straffbart tilhøve som ikkje var teke med i tiltalen, vart drege inn som eit provmoment.

Etter Høgsteretts syn var det dette rettsformannen hadde gjeve uttrykk for når ein les rettsutgreiinga i sin fulle samanheng.

Les heile avgjerda

Til toppen