Innførsel og oppbevaring av 6,6 liter amfetaminolje, som etter oppblanding kunne gi 7,4 kg rein amfetamin

21.11.2005, HR-2005-01813-A, (sak nr. 2005/932), straffesak, anke
Straffelova § 162 tredje ledd, jf. første ledd
A mfl. (advokatene John Christian Elden og Anders Brosveet) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Lasse Qvigstad)

Rt-2005-1524

Utgård, Bruzelius, Coward, Oftedal >Broch og Aasland

Saka gjaldt anke over dom der fem personar var dømde for brot på straffelova § 162 tredje ledd, jf. første ledd. Hovudspørsmålet var om opplysningar frå kommunikasjonskontroll i Litauen kunne nyttast som bevis i saka. Norsk påtalemakt hadde ikkje fått alt materialet frå kommunikasjonskontrollen. For private telefonsamtalar hadde litauisk politi berre sendt over det som hadde noko å seie for etterforskinga. Ei slik avgrensing kan ikkje gjerast for materiale framskaffa i Noreg. Høgsterett kom til at materialet likevel måtte kunne nyttast. I motsett fall vil bruk av utanlandsk materiale i stor grad måtte nektast nytta i norske straffesaker, og det er eit uakseptabelt resultat. Det må likevel setjast opp eit vilkår av slik art som gjort av kjæremålsutvalet i Rt. 2002 side 1744, der det vart uttala at kontrollen ikkje måtte vere gjennomført "i strid med grunnleggende norske verdioppfatninger".

Høgsterett kom til at det heller ikkje var gjort feil ved den konkrete bruken av materialet. Det var såleis tilstrekkeleg klargjort for lagretten at den måtte vurdere verdien av bevisa, også ut frå at ikkje alt materiale var framlagt. Anken gjaldt også straffutmålinga. Ut frå mengda stoff og ut frå rollene til dei ulike dømde, hadde desse i lagmannsretten fått fengselsstraffer på mellom seks og ni år. Høgsterett uttala at straffene ikkje var i mishøve til handlingane, og forkasta ankane. Endeleg var det anka over at innførsel og oppbevaring skulle ha vore vurdert som ei og ikkje som to strafflagde handlingar, jf. straffelova § 62. Høgsterett uttala at det ville vere avhengig av ei konkret vurdering, likevel slik at sal og etter omstenda også oppbevaring, ville kunne vere sjølvstendige strafflagde handlingar ved sida av innførsel. Det kan likevel vere grunn til å vise varsemd med overprøving etter § 162. I den konkrete saka var det ikkje grunn til slik overprøving. Ankane vart såleis forkasta.

Les heile avgjerda

Til toppen